Hopp til innhold
Forskrift

§ 16. Kassasjon

Forskrift om offentlege arkiv·Kapittel II. Arkivprosessar

Kassasjon

Organet skal utarbeide kassasjonsreglar for materiale som ikkje er omfatta av arkivavgrensinga i § 14 eller bevaringspåbodet i § 15. Kassasjonsreglane skal gi oversikt over kva som skal bevarast, og kva som kan eller skal kasserast. Det kan òg fastsetjast kor lenge materialet skal oppbevarast før kassasjon. Statlege organ skal utarbeide eigne spesifiserte kassasjonsreglar for fagsakene. Riksarkivaren kan krevje at det overordna organet samordnar arbeidet med slike reglar. Reglane gjeld ikkje før dei er godkjende av Riksarkivaren. Dersom eit statleg organ ikkje har godkjende kassasjonsreglar eller ikkje har gjennomført kassasjon før avlevering til Arkivverket, kan Arkivverket nekte å ta imot materialet. Riksarkivaren skal gi forskrift om kassasjonsreglar for saker som gjeld eigenforvaltning i statlege organ, og om kassasjonsreglar for kommunar og fylkeskommunar.

Offentlige organer skal lage regler for hva som skal slettes og hva som skal bevares i arkivene. For statlige organer må reglene godkjennes av Riksarkivaren før de gjelder. Arkivverket kan nekte å ta imot materiale dersom reglene ikke er godkjente eller sletting ikke er gjennomført.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 14Forskrift om offentlege arkiv § 15referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 16 i forskrift-om-offentlege-arkiv.

Les hele forskriften i sammenheng →