Hopp til innhold
Forskrift

§ 21. Arkiv etter organ som blir lagt ned eller får ny status

Forskrift om offentlege arkiv·Kapittel II. Arkivprosessar

Arkiv etter organ som blir lagt ned eller får ny status

Dersom eit offentleg organ blir lagt ned og saksområdet blir overteke av eit anna offentleg organ, skal arkivet overførast til dette organet, jf. § 17. Dersom saksområdet ikkje blir vidareført og overteke av eit anna organ, skal kommunale arkiv deponerast i arkivdepot og statlege arkiv overførast til det overordna organet. Dersom det er tvil om eit arkiv skal avleverast til statleg eller kommunalt arkivdepot, avgjer Riksarkivaren saka. Klargjeringa av arkivet skal inngå som ein del av avviklingsarbeidet til organet og skal oppfylle dei krava som gjeld ved avlevering i § 20. Offentlege utval som dannar eigne arkiv, jf. § 2, skal overføre arkivet til oppdragsgivaren i ordna stand når arbeidet er avslutta. Utvalsarkivet må ikkje blandast saman med oppdragsgivarens eige arkiv. Avlevering frå oppdragsgivaren til arkivdepot skal skje etter reglane i § 20. Dersom saksområdet til eit offentleg organ blir overteke av eit organ eller ei verksemd som ikkje er underlagt føresegnene om offentlege arkiv, kan arkivet berre overførast til den nye verksemda etter samtykke frå Riksarkivaren. Når eit offentleg organ går over til å bli privat eller skifter mellom statleg, fylkeskommunal eller kommunal status, skal arkivet avleverast til arkivdepot, om ikkje Riksarkivaren fastset noko anna med heimel i arkivlova § 10 andre og tredje ledd.

Reglene bestemmer hva som skjer med arkivene når et offentlig organ legges ned eller endrer status. Arkivene skal enten overføres til et nytt organ, leveres til et arkivdepot eller gå til oppdragsgiveren.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 17Forskrift om offentlege arkiv § 20Forskrift om offentlege arkiv § 2Forskrift om offentlege arkiv § 10

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 21 i forskrift-om-offentlege-arkiv.

Les hele forskriften i sammenheng →