Hopp til innhold
Forskrift

§ 24. Tilgang for allmenta til arkivmateriale i arkivdepot

Forskrift om offentlege arkiv·Kapittel II. Arkivprosessar

Tilgang for allmenta til arkivmateriale i arkivdepot

Arkivdepotet skal leggje tilhøva til rette slik at allmenta kan gjere bruk av arkivmaterialet innanfor gjeldande føresegner om innsynsrett, teieplikt og gradering. Arkivdepotet avgjer ut frå omsynet til forsvarleg arkivbehandling korleis materialet skal gjerast tilgjengeleg, og skal i rimeleg mon etter oppmoding gi avskrift, utskrift eller kopi av dokument. Originalmateriale skal berre gjerast tilgjengeleg under tilsyn frå arkivdepotet. Allmenta kan nektast tilgang til materiale som er under ordning eller konservering, eller som er i ein fysisk tilstand som gjer hyppig bruk utilrådeleg.

Arkivdepoter skal legge til rette for at folk kan få se på arkivmateriale, så lenge regler om innsyn og taushetsplikt følges. Arkivet bestemmer hvordan dette skjer, og kan gi kopier av dokumenter. Originaler må alltid sees på under tilsyn.AI

Les hele forskriften i sammenheng →