Forskrift
Nynorsk
§ 3-6. Opptaksgrunnlag for mastergradsutdanning
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak
Opptaksgrunnlag for mastergradsutdanning
(1) For opptak til mastergrad gjeld forskrift til universitets- og høyskoleloven kapittel 2 og eventuelle nasjonale rammeplanar som er fastsette i forskrift.
(2) Spesifikke krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett av styret i studieplanen, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven §§ 2-6 og 2-7.
(3) For opptak til ein mastergrad med eit omfang på 120 studiepoeng må eit av følgjande utdanningsløp vere fullført eller bestått:
-) bachelorgrad (minimum 180 studiepoeng)
-) cand.mag.-grad
-) annan grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang
-) utdanning som i samsvar med uhl. § 9-3 er godkjend som jamgod med ovannemnde gradar eller utdanningsløp.
(4) Innanfor grunnlaget for opptak må eit av følgjande inngå:
-) Fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av eit omfang på minimum 80 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
-) Integrert yrkesretta utdanning av eit omfang på minimum 120 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
(5) Andre opptakskrav som er fastsette i studieplanen for masterprogrammet, må vere oppfylte.
(6) For mastergradsutdanningar som har opptakskrav om minst gjennomsnittskarakter C, må søkaren ha eit vekta gjennomsnitt på 2,5 tilsvarande 25,00 karakterpoeng for å oppfylle kravet.
Denne regelen fastsetter kravene for å komme inn på masterstudier. Det kreves en fullført bachelorgrad eller tilsvarende utdanning, samt spesifikk faglig fordypning eller yrkesrettet utdanning innenfor et relevant fagområde.AI
Se ogsåUniversitets- og høyskoleforskriften § 2-6Universitets- og høyskoleforskriften § 2-7Universitets- og høyskoleloven § 9-3referert av 1 →
Sammenheng
Se også3
Koblinger for § 3-6 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.