Forskrift
Nynorsk
§ 9-5. Eksamensforsøk
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Eksamensforsøk
(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre – 3 – gonger ved Høgskulen i Volda. Avgrensinga gjeld også ved nytt opptak før det er gått tre år etter siste eksamensforsøk, jf. denne forskrift § 4-1 (4). For praksis har studenten to forsøk, jf. denne forskrift § 8-6.
(2) Eit forsøk er teljande dersom studenten
a) har bestått eksamen
b) trekkjer seg etter at fristen er gått ut, eller under eksamen, jf. denne forskrift § 9-4
c) ikkje møter til eksamen
d) ikkje leverer eksamen innan fristen
e) ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåve innan ordinær frist eller utsett frist
f) får karakteren F eller ikkje bestått
g) får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk.
(3) Gyldig fråvær blir ikkje rekna som eit teljande eksamensforsøk, jf. denne forskrift § 9-6.
(4) Når eksamen ikkje er bestått etter tre forsøk, jf. første ledd, kan høgskulen i særlege tilhøve gi dispensasjon for eit fjerde forsøk etter søknad frå studenten. Studieprogresjonen og dei faglege prestasjonane til studenten kan telje med i vurderinga av søknaden. Dersom studenten får innvilga eit fjerde eksamensforsøk, kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar på nytt, jf. denne forskrift §§ 7-6 og 7-7.
Studenter kan maksimalt ha tre eksamensforsøk i samme emne, mens det for praksis er to forsøk. Det er mulig å søke om dispensasjon for et fjerde forsøk ved særlige tilfeller.AI
Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-1Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 8-6Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-6referert av 1 →
Sammenheng
Se også6
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-1
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 8-6
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-6
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 første ledd
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7
Referert av1
Koblinger for § 9-5 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.