Forskrift
Nynorsk
§ 9-4. Trekkje seg frå eksamen
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Trekkje seg frå eksamen
(1) Studenten kan sjølve velje å trekkje seg frå eksamen i Studentweb inntil to – 2 – veker før eksamen startar. Trekk innan fristen tel ikkje som gjeldande eksamensforsøk.
(2) Studentar som har gyldig fråvær og trekkjer seg under eksamen, må snarast og utan ugrunna opphald levere dokumentasjon frå lege eller ein anna sakkunnig for at eksamenen ikkje skal telje som eit gjeldande eksamensforsøk, jf. denne forskrift §§ 9-5 (3) og 9-6.
(3) Det kan i andre særlege tilhøve utanfor studenten sin kontroll innvilgast gyldig fråvær frå eksamen etter fristen i første ledd. I slike tilfelle må studenten snarast og utan unødig opphald levere ein søknad til høgskulen. Studenten må samtidig leggje fram nødvendig dokumentasjon.
Studenter kan melde seg av eksamen i Studentweb uten at det teller som et eksamensforsøk dersom dette gjøres senest to uker før start. Ved sykdom eller andre særskilte forhold kan man få godkjent fravær mot dokumentasjon.AI
Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-5Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-6referert av 1 →
Sammenheng
Se også2
Koblinger for § 9-4 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.