Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-1. Tilrettelegging under studieløpet

Tilrettelegging under studieløpet

(1) Studentar med funksjonsnedsetjing og studentar med særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, praksis, læremidlar og eksamen, jf. § 10-5 i lova. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i det enkelte studiet. (2) Retten til tilrettelegging gjeld ikkje om det vil føre til ei uforholdsmessig byrde for høgskulen, jf. § 10-5 andre ledd i lova. (3) Tilrettelegging for gravide studentar skjer etter §§ 10-5 og 10-6 i lova. (4) Dersom grunnlaget for tilrettelegging er av varig karakter, er det tilstrekkeleg å sende søknad éin gong for den perioden ein har studierett i eit studieprogram for. Studenten må søkje på nytt ved endra behov. (5) Høgskulen har eigne retningslinjer for tilrettelegging.

Studenter med funksjonsnedsettelse eller særskilte behov har rett til individuell tilrettelegging av studiet og eksamen. Tilretteleggingen kan ikke senke de faglige kravene i studiet, og den gjelder ikke dersom det blir en uforholdsmessig stor byrde for høyskolen.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 10-5Universitets- og høyskoleloven § 10-6

Sammenheng

Se også2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 6-1 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →