Forskrift
Nynorsk
§ 9-1. Allment om eksamen og andre vurderingsformer
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Allment om eksamen og andre vurderingsformer
(1) Ein student skal vurderast etter ulike vurderingsformer i eit studieprogram.
(2) Ved Høgskulen i Volda blir det nytta ei rekkje ulike vurderings- og eksamensformer, kvar for seg eller saman. Vurderings- og eksamensformer for det enkelte emnet eller studieprogrammet går fram av den gjeldande emne- og studieplanen.
(3) Eksamen blir avlagd individuelt med mindre emneplanen seier noko anna.
(4) Det kan vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller obligatoriske aktivitetar skal vere fullførte med godkjent resultat før ein student får gå opp til eksamen i eit emne.
(5) Når karakteren i eit emne blir slått saman av to eller fleire eksamenar (delar), skal den prosentvise vektlegginga mellom dei ulike delane gå fram av emneplanen.
(6) Høgskulen i Volda arrangerer normalt to eksamensperiodar kvart semester: éin for ordinære eksamenar og éin for kontinuasjonar.
(7) Høgskulen i Volda er ikkje ansvarleg om eksamensdatoar kolliderer for ein student som vel ein annan utdanningsplan enn det som er tilrådd, eller som tek fleire emne i tillegg til emna i studieprogrammet.
(8) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen.
Studenter skal vurderes gjennom ulike former for eksamen og vurderinger, som er beskrevet i emne- og studieplanene. Eksamen er som hovedregel individuell, og det kan være krav om godkjente oppgaver før man kan ta eksamen.AI
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-1 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.