Forskrift
Nynorsk
§ 9-5. Eksamensforsøk
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Eksamensforsøk
(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre – 3 – gonger ved Høgskulen i Volda. Avgrensinga gjeld også ved nytt opptak før det er gått tre år etter siste eksamensforsøk, jf. § 4-5 (4). For praksis har studenten to forsøk, jf. § 8-6.
(2) Eit forsøk er teljande dersom studenten
a) har bestått eksamen
b) trekkjer seg etter at fristen er gått ut, eller under eksamen, jf. § 9-4
c) ikkje møter til eksamen
d) ikkje leverer eksamen innan fristen
e) ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåve innan ordinær frist eller utsett frist
f) får karakteren F eller ikkje bestått
g) får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk.
(3) Gyldig fråvær blir ikkje rekna som eit teljande eksamensforsøk, jf. § 9-6.
(4) Når eksamen ikkje er bestått etter tre forsøk, jf. første ledd, kan høgskulen i særlege tilhøve gi dispensasjon for eit fjerde forsøk etter søknad frå studenten. Studieprogresjonen og dei faglege prestasjonane til studenten kan telje med i vurderinga av søknaden. Dersom studenten får innvilga eit fjerde eksamensforsøk, kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar på nytt, jf. § 7-6 og § 7-7.
Det er maksimalt tre forsøk på eksamen i samme emne, mens praksis har to forsøk. Ved særskilte forhold kan man søke om dispensasjon for et fjerde forsøk. Gyldig fravær teller ikke som et forsøk.AI
Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 8-6Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-6Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 første leddreferert av 1 →
Sammenheng
Se også5
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 8-6
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-6
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 første ledd
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-5 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.