Forskrift
Nynorsk
§ 9-6. Kontinuasjonseksamen («konteeksamen») – ny eksamen
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Kontinuasjonseksamen («konteeksamen») – ny eksamen
(1) Det blir som hovudregel arrangert ein kontinuasjonseksamen påfølgjande semester for studentar som
•) har gyldig fråvær, eller
•) har resultat F eller ikkje bestått, eller
•) trekkjer seg under ordinær eksamen.
(2) Ein student som har rett til kontinuasjonseksamen etter første ledd, må sjølv melde seg opp til eksamen innan fristen.
(3) Det som blir rekna som gyldig fråvær, er eigen sjukdom eller alvorleg sjukdom, dødsfall eller ulykke i nærmaste familie eller andre særleg velferdsgrunnar. Studenten skal levere skriftleg dokumentasjon på gyldig fråvær snarast og utan ugrunna opphald etter at eksamen skulle ha vore gjennomført.
(4) Når det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar etter første ledd, kan også andre studentar søkje om kontinuasjonseksamen innan fristen.
(5) Kontinuasjonseksamen blir gjennomført etter same emneplan som ved siste ordinære eksamen. Det er studenten sjølv sitt ansvar å kontrollere kva emneplan og pensum eller litteratur som gjeld.
(6) Når eit emne eller studieprogram blir teke ut av undervisningstilbodet, pliktar høgskulen å arrangere kontinuasjonseksamen i påfølgjande semester. Dersom det framleis er studentar som har resultatet F eller ikkje bestått, eller som har gyldig fråvær i eit emne som er utgått, blir det arrangert ny eksamen ein siste gong i påfølgjande semester.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen.
Det arrangeres som hovedregel ny eksamen påfølgende semester for studenter som er syke, stryker eller trekker seg. Studenten må selv melde seg opp til eksamen innen fristen og sjekke gjeldende emneplan og pensum.AI
Sammenheng
Referert av2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-6 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.