Forskrift
Nynorsk
§ 4-4. Tap av studierett
Tap av studierett
(1) Studentar som ikkje gjennomfører semesterregistrering etter denne forskrift § 4-2, kan tape studieretten sin.
(2) Studentar som har brukt opp forsøka på å fullføre eit obligatorisk emne, eksamen eller praksis utan godkjent resultat, kan tape studieretten sin.
(3) Studentar som ikkje oppnår studiepoeng i eit studieprogram i to semester på rad, kan tape studieretten til dette programmet. Dette gjeld ikkje dersom studenten har hatt opphald som følgje av permisjonar, opphald som går fram av utdanningsplanen, eller mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i nemnd for studentsaker.
(4) Studieretten blir avslutta når studenten sjølv stadfestar at vedkomande trekkjer seg frå studieprogrammet, eller når studieprogrammet er fullført.
(5) Studierett som er stengd, kan etter søknad opnast igjen innan eitt år etter han er stengd. Studieretten kan berre opnast for same studieprogram.
(6) Dersom høgskulen avsluttar ein studierett etter denne forskrift § 4-4 punkt 1–4, skal det fattast eit skriftleg vedtak om dette.
Denne regelen forklarer når en student kan miste retten til å studere. Dette kan skje ved manglende semesterregistrering, for mange mislykkede forsøk på emner eller mangel på studiepoeng over to semestre. Studieretten opphører også ved fullføring eller frivillig avslutning.AI
Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-2referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 4-4 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.