Hopp til innhold

Sensur

Det skal nyttast ekstern sensor avsluttande eksamen og ved klagesensur. Ekstern evaluering av vurderingsordninga, jf. lov om universiteter og høgskoler § 3-9, kan verte gjennomført for for eitt eller fleire årsstudium samla. Som element i ei ekstern evaluering av vurderingsordninga kan inngå: -) gjennomgang av vurderingsordninger nedfelt i emnebeskrivinger og studieplanar -) evaluering av eksamensoppgåver og vurderingskriterium som inngår i dei aktuelle årsstudia -) stikkprøvekontroll av vurderingar gjennomført av intern sensor. Ekstern sensor: a) er oppnemnd av dagleg leiar etter delegasjon frå styret b) kan ikkje vere tilsett ved høgskulen, eller ha hatt ansvar for undervisning ved høgskulen i same studieår som eksamen finn stad c) må vere tilsett på nivå som minst høgskulelektor- eller førstestilling ved universitet, høgskule eller annan forskningsinstitusjon, på annen måte ha dokumentert relevant fagleg kompetanse på tilsvarende nivå innan aktuelt fagområde, eller gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan aktuelt fagområde. Den som påtek seg eit sensoroppdrag, har plikt til å overhalde lovens hovedregel om tre vekers sensurfrist. Med tre veker forstås 15 arbeidsdagar. Ved ny sensur som følgje av klage, eller bytte av sensor som følgje av uforutsett forfall, reknast sensurfristen frå det tidspunkt ny sensor er oppnemnd. Dersom to interne sensorar i fellesskap skal fastsette karakter, og det ikkje er mogleg å oppnå semje om eit felles sensurvedtak, vert karakteren avgjort av ein tredje, ekstern sensor. Denne skal gjerast kjent med dei første sensoranes karakterframlegg med grunngjeving. Ved bruk av ekstern sensor vil vedkommandes vurdering vere avgjerande ved eventuell usemje om karakter. Sensur vert kunngjort på den måten høgskulen sjølv bestemmer. Offentleggjering av sensur skal ikkje innehalde kandidatens navn. Ved bedømming av munnleg eksamen og eksamenar/deleksamenar der vurderingsgrunnlaget består av praktiske presentasjoner og utøvende prestasjoner som etter sin art ikkje let seg etterprøve og difor ikkje kan påklagast, skal det nyttast to sensorar, enten to interne eller ein intern og ein ekstern.

Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Skrivekunstakademiet i Hordaland § 3-9

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5-11 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-skrivekunstakademiet-i-hordaland.

Les hele forskriften i sammenheng →