Hopp til innhold
Forskrift

§ 5-12. Grunngjeving og klage over karakterfastsettingen

Grunngjeving og klage over karakterfastsettingen

Reglar for grunngjeving og klage framgår av lovens kapittel 5. I forhold som ikkje er spesielt omtalt i loven eller i denne forskrifta, ligg forvaltningslovens prinsipp til grunn. Ved munnleg eksamen og eksamenar/deleksamenar der vurderingsgrunnlaget består av praktiske presentasjoner og utøvende prestasjoner som etter sin art ikkje lar seg etterprøve må krav om grunngjeving fremsettast umiddelbart etter at karakter er meddelt. Ved annan bedømming er tidsfristen ei veke frå kandidaten fikk høve til å gjere seg kjent med karakteren. Det er fastsett rutine for krav om grunngjeving Grunngjeving kan gis munnleg eller skriftleg av sensor(ane). Sensor(ane) bestemmer formen. Ved munnleg grunngjeving skal studenten gis skriftleg dokumentasjon for tidspunktet når grunngjevinga vart gitt. Grunngjeving skal vere gitt innan to veker etter at krav vart sett frem, jf. § 5-3 i loven. Klage på karakter må fremsettast skriftleg på fastsett skjema innan tre veker etter at eksamensresultatet er kunngjort. Dersom kandidaten har fremsett krav om grunngjeving, gjeld trevekersfristen frå grunngjeving vart meddelt. Klagen vert handsama av nye sensorar. Nytt sensurvedtak kan fattast til gunst eller ugunst for klagaren. Dette vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast. Ved munnleg eksamen og eksamenar/deleksamenar der vurderingsgrunnlaget består av praktiske presentasjoner og utøvende prestasjoner som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan det kun klagast på formelle feil av mogleg betydning for resultatet.

Bestemmelsen forklarer hvordan man ber om begrunnelse for en karakter og hvordan man klager på eksamensresultatet. Det er ulike frister for begrunnelse avhengig av eksamenstype, og klagen behandles av nye sensorer.AI

Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Skrivekunstakademiet i Hordaland § 5-3referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 5-12 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-skrivekunstakademiet-i-hordaland.

Les hele forskriften i sammenheng →