Hopp til innhold
Forskrift

§ 7-2. Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote

Forskrift om opptak til høgare utdanning·Kapittel 7. Rangering av søkjarar ved opptak·Sist endret 1. januar 2021

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote

(1) Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter normal tid i vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Kvoten omfattar òg søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har oppnådd generell studiekompetanse på bakgrunn av vitnemål frå yrkesfag som er fullførte og bestått på normal tid, i tillegg til at dei oppfyller fagkrava i § 2-1. (2) Søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål skal rangerast på grunnlag av føresegnene i § 7-5, § 7-8, § 7-9 eller etter § 7-12, § 7-13, § 7-14. (3) 50 prosent av studieplassane skal tilbydast søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål. (4) Søkjarar som fyller kriteria for opptak i kvoten for førstegongsvitnemål, men som ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare i ordinær kvote. (5) Departementet kan frita enkelte studium frå kravet om kvote for førstegongsvitnemål.

Søkere som er maksimalt 21 år og har fullført videregående opplæring på normal tid, kan komme inn via en egen kvote. Halvparten av studieplassene er satt av til denne gruppen. De som ikke får plass her, kan fortsatt konkurrere om plass i den ordinære kvoten.AI

Endret 17. september 2025 · i kraft 1. januar 2027
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021).

Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 2-1Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-5Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-8Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-9referert av 5

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også7
Referert av5
Endringshistorikk3

Koblinger for § 7-2 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.

Les hele forskriften i sammenheng →