Forskrift
§ 7-8. Tilleggspoeng for realfag og framandspråk frå vidaregåande opplæring
Tilleggspoeng for realfag og framandspråk frå vidaregåande opplæring
(1) Det kan totalt givast inntil 4 tilleggspoeng for programfag frå programområde for realfag og programfag innanfor «framandspråk» frå vidaregåande opplæring i Kunnskapsløftet. Faga må vere bestått. Det skal ikkje givast utteljing for fag som overlappar kvarandre.
(2) Alle programfag frå programområde for realfag og programfag innanfor «framandspråk» med eit omfang på 140 timar gir 0,5 tilleggspoeng, bortsett frå faga matematikk R2, fysikk 2 og «framandspråk» III, som gir 1,0 tilleggspoeng.
(3) Søkjarar med studieførebuande Vg3 i utdanningsprogram for naturbruk får 0,5 tilleggspoeng.
(4) Søkjarar med vitnemål frå anna noverande eller tidlegare norsk eller nordisk vidaregåande opplæring som er eller har vore offentleg godkjend, eller med opptaksgrunnlag frå utlandet elles, kan få inntil 4 tilleggspoeng når det i utdanninga inngår fagkombinasjonar som må reknast som likeverdige med dei realfaga og framandspråka som etter andre ledd gir rett til tilleggspoeng.
Søkere kan få opptil 4 tilleggspoeng for beståtte fag innen realfag og fremmedspråk fra videregående opplæring. Det gis ikke poeng for fag som overlapper hverandre. Personer med utdanning fra utlandet eller andre godkjente løp kan få tilsvarende poeng for likeverdige fag.AI
Endret 17. september 2025 · i kraft 1. januar 2027
Endringshistorikk (3)
- 17. september 2025Opptaksforskrifta
- 1. juli 2024Universitets- og høyskoleforskriften
- 22. desember 2020Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
Sammenheng
Referert av3
Endringshistorikk3
Koblinger for § 7-8 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.