Hopp til innhold
Forskrift

§ 7-9. Tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønnet

Forskrift om opptak til høgare utdanning·Kapittel 7. Rangering av søkjarar ved opptak·Sist endret 1. februar 2018

Tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønnet

(1) For å jamne ut forskjellar og oppnå meir likestilling mellom kjønna, kan departementet for enkelte utdanningar fastsette at søkjarar av det kjønnet som er klart underrepresentert blant studentar på eller yrkesutøvarar frå vedkommande utdanning, skal ha inntil 2 tilleggspoeng for ein avgrensa periode. (2) Det blir berre gitt tilleggspoeng der det er godtgjort at andre verkemidlar ikkje har ført fram. Om erfaringar frå tidlegare opptak synleggjer at tilleggspoeng kan resultere i for låg representasjon av eit kjønn, kan ein vurdere om det kan innførast spesielle tiltak, jf. § 7-3. (3) Ein søknad om å nytte tilleggspoeng må mellom anna innehalde ein vurdering av kvifor ein vil ha tilleggspoeng eller kvotar, jf. § 7-3. Vurderinga må omfatte både kva kjønnsbalansen på studiet og i yrket er no, og kvifor det er viktig med god kjønnsbalanse i den aktuelle utdanninga. Ein må også vurdere omsynet til samfunnet og brukarane i eit kjønnsperspektiv. Søknader skal omfatte start og sluttpunkt for tiltaket.

Departementet kan gi opptil 2 tilleggspoeng til søkere av det kjønnet som er klart underrepresentert ved enkelte utdanninger. Dette gjøres for å bidra til likestilling og gjelder kun i en begrenset periode dersom andre tiltak ikke har fungert.AI

Endret 1. juli 2024 · i kraft 1. august 2024
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 30 jan 2018 nr. 137 (i kraft 1 feb 2018).

Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 7-3referert av 6

Sammenheng

Se også1
Referert av6
Endringshistorikk3

Koblinger for § 7-9 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.

Les hele forskriften i sammenheng →