Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2-1. Generelle føresegner

Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 2. Opptaksgrunnlag·Sist endret 20. november 2025

Generelle føresegner

(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Høgskulen på Vestlandet er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning. (2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2 andre ledd for å kvalifisere for opptak til studium som gjev studiepoeng. (3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 sjuande ledd. (4) Søkjarar til engelskspråklege vidare- eller mastergradsutdanningar som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere engelskkunnskap på høgare nivå med eitt av følgjande alternativ: a) Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar) med karakteren 4 eller betre. b) International English Language Testing Service (IELTS) med minst 6.0 poeng. c) Test of English as a Foreign Language (TOEFL) med minst 550 poeng for Paper-based test (PBT), minst 213 poeng for Computer-based test (CBT), eller minst 80 poeng for Internet-based test (IBT). d) Pearson PTE Academic med minimum 59 poeng. e) Cambridge English Examinations med testene B2 First med resultatet B eller bedre, eller C1 Advanced med resultatet C eller bedre, eller C2 Proficiency med resultatet C eller bedre. f) Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering. g) Unntak frå kravet for enkeltstudium eller emne kan fastsetjast av styret i studieplan eller emneplan. (5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning. (6) Der studium har opptakskrav om praksis, blir praksis rekna frå same dato som søkjar fekk autorisasjonen sin. Ved yrke utan autorisasjon, blir praksis rekna frå den datoen søkjar har fullført kvalifiserande utdanning.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.

Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 første leddreferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 2-1 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →