Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-2. Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak

Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak

(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane vert rangerte innbyrdes i kvotar på grunnlag av konkurransepoeng. (2) Ved lik poengsum gjeld følgjande: a) Ved lik poengsum i ei kvote skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, om ikkje anna er oppgitt i studieplanen. b) Styret kan fastsetje i studieplanen at det kjønnet som er underrepresentert i ei kvote skal prioriterast. (3) Dersom ein søkjar har fleire gyldige opptaksgrunnlag etter kapittel 2, vert grunnlaget som gir best resultat for søkjaren valt. (4) Dersom det er ledige studieplassar på eit studium etter opptak, kan ledige studieplassar tilbydast kvalifiserte søkjarar. Søkjarane blir rangert etter tidspunkt søknaden vert motteken.

Søkere til lokale studier rangeres etter konkurransepoeng basert på dokumentasjonen deres. Ved lik poengsum prioriteres vanligvis eldre søkere, med mindre studieplanen sier noe annet om kjønn. Ledige plasser fordeles etter hvem som søkte først.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 4-2 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →