Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-3. Poengutrekning og rangering av søkjarar til mastergrad, praktisk-pedagogisk utdanning og vidareutdanningar på høgare grads nivå

Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 4. Rangering·Sist endret 20. november 2025

Poengutrekning og rangering av søkjarar til mastergrad, praktisk-pedagogisk utdanning og vidareutdanningar på høgare grads nivå

(1) Søkjarar til høgare grads studium vert rangerte innbyrdes på grunnlag av konkurransepoeng. I konkurransepoenga til ein søkjar kan summen av følgjande poeng inngå: a) Karakterpoeng i) Det vert rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt av opptaksgrunnlaget. Vekta gjennomsnitt er eit gjennomsnitt der kvart emne i grunnlaget er tillagt vekt etter talet på studiepoeng emnet har. ii) Styret kan fastsetje i studieplanen eller emneplanen at berre delar av opptaksgrunnlaget skal inngå i karakterpoengsummen. b) Utdanningspoeng: Det kan bli gitt utdanningspoeng for greidd høgare utdanning ut over minstekravet for opptak etter kapittel 2 i denne forskrifta. Normalt 1 poeng per 30 studiepoeng og maksimalt 4 poeng med mindre anna er fastsett i studieplan eller emneplan. c) Praksispoeng i) Det blir gitt poeng for relevant arbeidserfaring når studiet har opptakskrav om praksis, eller dersom det er fastsett i studie- eller emneplan. Normalt to poeng per 12 månadar med relevant praksis utover opptaksgrunnlaget, og maksimalt seks poeng, med mindre anna er fastsett i studie- eller emneplan. Deltid vert rekna om til heiltid. ii) Praksis som søkjaren har gjennomført før kvalifiserande utdanning og praksis som inngår i kvalifiseringsgrunnlaget, er ikkje medrekna i grunnlaget for praksispoeng. d) Andre tilleggspoeng: Med utgangspunkt i særlege omsyn som er knytte til enkelte studium, kan styret fastsetje andre poengtypar i studieplanen eller emneplanen. (2) For søkjarar med bokstavkarakterar eller talkarakterar vert følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter som fører fram til ein talverdi: Bokstavkarakter Talkarakter Gamle bokstavkarakterar Gir følgjande talverdi A 1,0–2,2 Særs godt (sg) 5 B 2,3–2,5 Mykje godt (mg) 4 C 2,6–2,7 Godt (g) 3 D 2,8–3,0 Noko godt (ng) 2 E 3,1–4,0 Lite godt (lg) 1 (3) Det er berre fag med tal eller bokstavkarakterar som tel med i utrekninga av karaktersnitt. Der det ikkje er vekting på karakterutskrifter og vitnemål skal det reknast snitt av alle gjeldande karakterar. (4) På vitnemål utan tal-/bokstavkarakter reknast karakteren «bestått/greidd» som C = 3. I særlege tilfelle kan anna høgare utdanning enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Søknaden vert då rangert etter § 4-13 i denne forskrifta. (5) Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir vert tatt med i rangeringsgrunnlaget der det er utarbeida omrekningstabellar av Direktoratet for høyere utdanning eller ved Høgskulen på Vestlandet. Omrekningstabellar frå høgskulen vert utarbeida av Enhet for studentopptak og fastsett av utdanningsutvalet.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.

Se ogsåForskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet § 4-13referert av 5

Sammenheng

Se også1
Referert av5

Koblinger for § 4-3 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →