Forskrift
Nynorsk
§ 6-2. Opptak på visse vilkår
Opptak på visse vilkår
(1) I særlege tilfelle kan søkjar som manglar eitt emne på inntil 20 studiepoeng eller to eller fleire emne på inntil 15 studiepoeng for å dekka opptaksgrunnlaget til ei utdanning, få opptak til studiet på visse vilkår og starte på utdanninga. Vilkåret for slikt opptak er at studenten oppfyller opptaksgrunnlaget på utdanninga innan frist gitt i tilbodsbrevet.
(2) Døme på særlege tilfelle kan vere når søkjar ikkje har hatt moglegheit til å gå opp til eksamen grunna sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre særlege tilfelle kan òg gi grunnlag for opptak på vilkår. Særlege tilfelle må dokumenterast ved attest frå lege, anna helsepersonell, politi, høgskulen eller tilsvarande.
(3) Opptak på visse vilkår vert berre gitt når søkjaren dekker faglege minstekrav og eventuelle krav til fordjuping, jf. kapittel 2 og studieplanen. I tillegg må søkjaren dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk, jf. § 2-1. Opptak på vilkår gir ikkje dispensasjon frå forkunnskapskrav som er fastsett i eit emne.
(4) Opptak på vilkår vert ikkje gitt til utdanningar der yrkeserfaring er ein del av opptaksgrunnlaget.
(5) Studentar som ikkje oppfyller dei gitte vilkåra for opptak innan fristen, taper studieplassen.
I spesielle tilfeller kan man starte på et studie selv om man mangler noen studiepoeng, mot at man fullfører disse innen en bestemt frist. Dette krever dokumentasjon og at faglige minstekrav er oppfylt.AI
Se ogsåForskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet § 2-1 første ledd
Sammenheng
Koblinger for § 6-2 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.