Forskrift
Nynorsk
§ 6-1. Tilbod om opptak før opptaksgrunnlaget er oppfylt
Tilbod om opptak før opptaksgrunnlaget er oppfylt
(1) Søkjar som ikkje oppfyller heile opptaksgrunnlaget på søknadstidspunktet, kan få tilbod om opptak på vilkår dersom søkjaren oppfyller opptaksgrunnlaget innan 1. juli for opptak til haustsemesteret og 1. desember for opptak til vårsemesteret. Høgskulen kan gjere unntak frå fristen i tilbodsbrevet.
(2) Søkjaren må i søknaden dokumentere at opptaksgrunnlaget skal bli dekka innan gitt frist.
(3) Søkjarar som ikkje oppfyller dei gitte vilkåra for opptak innan fristen, tapar studieplassen.
(4) Søkjarar frå utanfor EU/EØS får ikkje tilbod på vilkår i det internasjonale opptaket.
Søkere kan få tilbud om studieplass selv om de mangler noen krav, så lenge kravene oppfylles innen fastsatte frister. Man må dokumentere at kravene vil bli møtt. Hvis vilkårene ikke oppfylles i tide, mister man studieplassen.AI