Forskrift
Nynorsk
§ 5-1. Opptaksrammer og kvotar
Opptaksrammer og kvotar
(1) Styret sjølv fastset årleg tal studieplassar som gir ei opptaksramme for dei enkelte studieprogramma, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-3.
(2) Styret, eller den eininga styret nemner opp, gjennomfører opptak av studentar.
(3) Styret kan i studieplanen eller emneplanen fastsetje kvotar for søkjarar med ulike søkjargrunnlag.
(4) Opptak til studia skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som vert fordelt blant søkjarar som tilfredsstiller nærmare bestemte krav. Eit krav i ein kvote kan vere eit bestemt kjønn, tilsetjingsforhold, geografi, faglege forhold, nasjonale og internasjonale avtalar eller institusjonstilknyting.
(5) Styret kan i studieplanen fastsetje kvotar med krav til bestemt søkjargrunnlag hos søkjaren.
Høgskulens styre bestemmer hvor mange studieplasser som finnes for hvert studieprogram. Styret kan dele disse plassene inn i kvoter for ulike grupper av søkere basert på bestemte krav.AI
Sammenheng
Koblinger for § 5-1 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.