Forskrift
§ 9-1. Generell studiekompetanse etter tidlegare ordningar
Generell studiekompetanse etter tidlegare ordningar
(1) Generell studiekompetanse har søkjarar som i samsvar med Reform 94 har bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, VKI og VKII, eller som har bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev eller er 23/5-søkjarar, og som har desse faga, bestått med karakteren 2 eller betre, frå vidaregåande opplæring (Reform 94):
-) norsk (14)
-) engelsk (5)
-) matematikk (5)
-) naturfag (5)
-) samfunnsfag (6), som omfattar nyare historie (4) og samfunnslære (2).
Faga er oppgitt med gjennomsnittleg veketimetal i parentes.
(2) For søkjarar som har lese norsk og samisk med høvesvis (11) + (11) veketimar, gjeld ikkje kravet om 14 veketimar norsk.
(3) Søkjarar som har bestått 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, oppfyller krava til generell studiekompetanse. Søkjarar med bestått 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, eller 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse ved opptak til utdanningar som nemnt i § 3-4, § 3-10 og § 3-12.
(4) Søkjarar som har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring, studieretning for allmenne fag eller studieretning for handels- og kontorfag, har generell studiekompetanse. Tilsvarande gjeld for søkjarar som har bestått eksamen artium eller eksamen frå økonomisk gymnas.
(5) Grunnkurs, VKI og VKII i studieretning for handels- og kontorfag med bestått i faga norsk, matematikk, rekneskapslære, engelsk, sosialøkonomi og organisasjonslære, svarer til fagkrava i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag.
(6) Søkjarar som våren 1992 eller tidlegare har teke eksamen eller delprøver i samfunnsfag ved studieretning for allmenne fag, får godkjent 5 veketimar. Dette kan omfatte geografi, historie og samfunnslære eller samfunnskunnskap.
(7) Søkjarar som før 1. juni 1997 er tekne opp til eller kan dokumentere å ha fått ei vurdering av opptaksgrunnlaget sitt ved eit universitet eller ein vitskapleg høgskole på grunnlag av anna høveleg utdanning (tidlegare Veg I-, II- og III-vurderingar), eller som er tekne opp med heimel i § 4 bokstav b punkt 20 i tidlegare forskrift 12. desember 1991 nr. 812 om opptak til regionale høyskoler, har generell studiekompetanse.
(8) Søkjarar som er tekne opp før 1. juli 1997, og som har fullført og bestått eit studium i høgare utdanning normert til minst 60 studiepoeng eller to studium normerte til minst 30 studiepoeng, har generell studiekompetanse.
(9) For søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Oslo By Steinerskole til og med 2004 og frå andre Rudolf Steinerskolar til og med 2005, gjeld at det skal vurderast individuelt om dei fyller krava til generell studiekompetanse.
(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av opplæringsforskrifta § 23-5 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.
(11) Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten») avlagt før hausten 2009, med minimum 450 poeng på skriftleg del og 500 poeng på munnleg del, fyller krava til dokumentasjon på kunnskapar i norsk etter § 2-2 andre ledd.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 26 nov 2019 nr. 1580 (i kraft 1 jan 2020), 29 mai 2020 nr. 1132 (i kraft 15 juni 2020), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022), 19 des 2023 nr. 2223, 19 des 2024 nr. 3488, 16 jan 2025 nr. 42.
Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 3-4Forskrift om opptak til høgare utdanning § 3-10Forskrift om opptak til høgare utdanning § 3-12Opplæringsforskrifta § 23-5referert av 3 →
Sammenheng
Se også5
Referert av3
Koblinger for § 9-1 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.