Forskrift
§ 2-2. Opptaksgrunnlag masterutdanning
Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen·Kapittel 2. Minstekrav for opptak·Sist endret 1. mars 2020
Opptaksgrunnlag masterutdanning
(1) For opptak til masterprogram gjeld mastergradsforskrifta § 3, § 4, og § 5 og eventuelle rammeplanar.
(2) Nærare krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett i studieplanen, jf. § 2 i mastergradforskrifta.
(3) For opptak til 2-årig masterprogram etter § 3 i mastergradforskrifta gjeld følgjande:
a) Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Universitetet kan krevje inntil fire semester høgre utdanning i tillegg til bachelorgrada, i tråd med GSU-lista.
b) Søkjarar må dokumentere ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng relevant for studiet dei søkjer opptak til.
c) Fakultetet sjølv fastset kva emne ved UiB som inngår i den faglege fordjupinga. Dette skal gå fram av studieplanen.
d) I heilt spesielle tilfelle kan annan dokumentert kompetanse godkjennast som heilt eller delvis likeverdig med kravet i b), føresett at søkjaren har dei nødvendige faglege føresetnadene for å gjennomføre studiet. Nærare føresegn om kva utdanningar dette kan gjelde for er gitt i utfyllande retningslinjer for opptak til UiB.
e) Emna som utgjer den faglege fordjupinga skal ha eit vekta snitt på karakteren C, altså 2,50 eller høgare (kvalifiseringskravet), jf. retningslinjene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4.
(4) Fakultetet kan i studieplanen fastsetje eit høgare kvalifiseringskrav, i samråd med fagmiljøa.
(5) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.
(6) Søkjarar til internasjonale gradsstudium som kjem frå land/statar/område utanfor EU/EØS og Sveits må dokumentere tilfredsstillande finansiering, jf. krava i utlendingslova § 58.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 20 feb 2020 nr. 180 (i kraft 1 mars 2020), 16 juni 2022 nr. 1469, 2 mai 2024 nr. 1446.
Se ogsåForskrift om opptak til Universitetet i Bergen § 5-4 første leddUtlendingsloven § 58referert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
- Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen § 2-1 første leddGenerelle føresegner
- Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen § 2-3Opptaksgrunnlag enkeltemne
- Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen § 5-4 første leddPoengutrekning og rangering av søkjarar til 2-årige masterprogram og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Koblinger for § 2-2 i forskrift-om-opptak-til-universitetet-i-bergen.