Hopp til innhold
Forskrift

§ 7-1. Reservert studieplass

Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen·Kapittel 7. Felles føresegner om administrative forhold·Sist endret 1. januar 2020

Reservert studieplass

(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Det blir normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år. (2) Søknad om reservasjon av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass. (3) Med tungtvegande grunnar er det her meint verneplikt, graviditet, sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre tungtvegande grunnar utanfor kontrollen til søkjaren kan òg gi grunnlag for reservert studieplass. Grunn må dokumenterast med attest frå lege, anna helsepersonell, politi eller tilsvarande. (4) Til studium som krev opptaksprøver, jf. § 2-1 (7) og forskrift om høgre utdanning § 4-9, blir det som hovudregel ikkje innvilga utsett studiestart eller reservert studieplass.

Det er mulig å reservere en tildelt studieplass til neste opptak dersom det foreligger dokumenterte og tungtveiende grunner. Reservasjon gis normalt ikke for mer enn ett år, og gjelder som hovedregel ikke for studier som krever opptaksprøver.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020).

Se ogsåForskrift om opptak til Universitetet i Bergen § 2-1 første leddForskrift om opptak til høgare utdanning § 4-9

Sammenheng

Se også2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 7-1 i forskrift-om-opptak-til-universitetet-i-bergen.

Les hele forskriften i sammenheng →