Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10. Sektoravgift for tilbydar av postteneste

Sektoravgift for tilbydar av postteneste

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje og krevje inn ei sektoravgift frå tilbydar av postteneste i samsvar med postloven § 53. Sektoravgifta som skal fordelast mellom tilbydarar av posttenester er samla sektoravgift etter § 2 første ledd nummer 4. Beløpet etter andre ledd skal fordelast forholdsmessig mellom tilbydarar av posttenester. Kvar tilbydar skal betale ein del av dette beløpet som svarar til tilbydaren sin del av den samla relevante omsetninga i marknaden for posttenester i samsvar med postloven og geografisk avgrensa til Noreg. Det gis eit botnfrådrag på 23 millionar kroner for konsern eller selskap, slik at sektoravgifta blir berekna av omsetning som overstig 23 millionar kroner i siste rekneskapsåret før sektoravgiftsperioden. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak nærmare fastsetje kva slags relevant omsetning som omfattast og skal leggast til grunn for berekninga av sektoravgifta.

Tilbydere av posttjenester må betale en sektoravgift til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet. Avgiften fordeles mellom tilbyderne basert på deres omsetning i det norske markedet, med et bunnfradrag for selskaper og konsern.AI

Se ogsåPostloven § 53Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 2

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 10 i forskrift-om-sektoravgift-og-gebyr-til-nasjonal-kommunikasjonsmyndigheit.

Les hele forskriften i sammenheng →