Hopp til innhold
Forskrift

§ 13. Løyve til å ha hus m.m. ståande, bortleige m.m. på seter som er fallen i det fri

Forskrift om seter og tilleggsjord m.m.·Kapittel 5. – Seter fallen i det fri etter § 22 i fjellova·Sist endret 1. september 2009

Løyve til å ha hus m.m. ståande, bortleige m.m. på seter som er fallen i det fri

Blir seter som er fallen i det fri ikkje vist ut til ein annan eigedom med bruksrett, kan Statskog SF gi seterbrukaren løyve i inntil 10 år av gangen til å ha hus eller anlegg ståande utan vederlag til bruk for seg og huslyden om fjellstyret samtykkjer. Denne retten skal høyre under eigedomen, og kan ikkje skiljast frå han ved overdraging av husa. Kontrakt om bortleige eller annan liknande bruksrett er likestilt med overdraging om ikkje retten er stifta for kortare tid enn 10 år utan rett for brukaren til forlenging eller fornying av kontrakten. § 17 i denne forskrifta gjeld tilsvarande for løyve etter første ledd. Fjellstyret gjer vedtak om at husa skal fjernast om verken utvising eller løyve er aktuelt. Før fjellstyret gjer vedtak om fjerning av hus skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til fråsegn.

Seterbrukaren kan få løyve til å ha hus og anlegg ståande på ei seter som er fallen i det fri. Dette løyvet kan givast for inntil 10 år av gangen. Om korkje utvising eller løyve er aktuelt, kan fjellstyret vedta at husa skal fjernast.AI

Endret 28. august 2009 · i kraft 1. september 2009
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Se ogsåForskrift om seter og tilleggsjord m.m. § 17

Sammenheng

Se også1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 13 i forskrift-om-seter-og-tilleggsjord-mm.

Les hele forskriften i sammenheng →