Forskrift
§ 3. Administrasjon
Forskrift om seter og tilleggsjord m.m.·Kapittel 1. – Innleiande føresegner·Sist endret 1. september 2009
Administrasjon
Fjellstyra skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenning slik det følgjer av fjellova og denne forskrifta. Dei skal arbeide for å sikre at allmenningen blir brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftslivsinteressene, jf. § 3 andre ledd i fjellova.
Om ein søknad om beite, seter eller tilleggsjord m.m. gjeld område i statsallmenning med produktiv skog skal allmenningstyret alltid vere gitt høve til å uttale seg.
Iverksetjing av grunndisponeringstiltak, under dette tiltak som gjeld vassdrag, kan berre skje etter løyve frå departementet eller den departementet gir fullmakt, jf. § 12 i fjellova og forskrift fastsett 1. juli 1995 nr. 679 om delegasjon av myndigheit etter fjellova.
Fjellstyrene skal forvalte bruken av rettigheter og beiteområder i statsallmenningen. De skal sørge for at bruken gagner næringslivet i bygda og ivaretar naturvern og friluftsliv. Tiltak knyttet til grunndisponering og vassdrag krever tillatelse fra departementet.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
Se ogsåFjellova § 3Fjellova § 12
Sammenheng
Se også2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3 i forskrift-om-seter-og-tilleggsjord-mm.