Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12.

Fjellova·Kapittel VI. – Grunndisponering.·Sist endret 19. juni 2015
Iverksetjing av grunndisponeringstiltak – herunder tiltak som gjeld vassdrag – i statsallmenning kan berre skje når det ikkje medfører vesentleg skade for nokon som har bruksrett, og under omsyn til prinsippa for naturvern. Om eit tiltak vil medføre vesentleg skade for bruksrettar vert avgjort ved skjøn. Grunndisponeringstiltak kan berre føretakast av departementet eller med løyve frå departementet, med mindre anna er særskilt fastsett. Før departementet tek avgjerd skal fjellstyret og i tilfelle allmenningsstyret ha hatt høve til å kome med fråsegn i saka. Rett til å forby eller redusere motorferdsel i statsallmenning for andre enn Statskog SF ligg til fjellstyret. Før fjellstyret tek avgjerd, skal Statskog SF, og i tilfelle allmenningsstyret, ha hatt høve til å kome med fråsegn i saka. Av dei inntekter som staten har av tomtefeste for hytter og hotell skal vedkomande fjellkasse ha halvparten. Elles høyrer bruken av statens grunneigarinntekter under departementet. Desse midlane skal departementet bruke til dekning av utgifter i samband med administrasjonen av statsallmenningane, stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra, og etter samråd med denne til tiltak i statsallmenningane. Dessutan kan midlane brukast til innløysing av private særrettar til fiske i statsallmenning, jfr. § 32.

Tiltak i statsallmenning kan bare gjennomføres hvis det ikke skader bruksretter vesentlig og tar hensyn til naturvern. Slike tiltak krever vanligvis tillatelse fra departementet. Fjellstyret kan bestemme om motorferdsel skal begrenses eller forbys.AI

Noter (1)
  • EndringEndret ved lov 19 juni 2015 nr. 67.

Se ogsåFjellova § 32omtalt i 2 kilderreferert av 4

Sammenheng

Se også1
Referert av4
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 12 i fjellova.

Les hele loven i sammenheng →