Forskrift
§ 8. Nærmare om innbetaling til skogfond
Forskrift om skogfond o.a.·Kapittel 2. Innbetaling til skogfond og oppgåveplikt o.a.·Sist endret 1. januar 2021
Nærmare om innbetaling til skogfond
Kjøparar som etter § 7 skal innbetale til skogfond skal gi seljar melding om beløpet som vil bli innbetalt samtidig som seljar får oppgjer. Beløpet skal innbetalast i samsvar med kontrolloppgåva som blir sendt frå virkesdatabasen (jf. § 10), innan utløpet av den månaden heilt eller delvis oppgjer for det leverte virket forfell til betaling.
Statsforvaltaren krev inn beløpet på vegne av seljar. For beløp som ikkje er innbetalt innan den fastsette fristen skal det betalast renter i samsvar med føresegner i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling.
Skogfondsmidlane skal spesifiserast på ein særskilt fondskonto for kvar enkelt skogeigedom.
Statsforvaltaren skal sørgje for å halde skogfondsmidlane skilte frå midlane løyvd over statsbudsjettet, og at dei står på renteberande konto til best mogleg rente i bank eller annan finansinstitusjon som Landbruksdirektoratet godkjenner.
Manglande innbetaling til skogfond og eventuelle renter er tvangsgrunnlag for utlegg, og kan såleis bli drivne inn utan søksmål hos dei som er ansvarlege for innbetalinga etter denne forskrifta, jf. § 14, siste ledd i skogbrukslova.
Kjøpere skal varsle selger om beløpet som betales til skogfond ved oppgjør. Pengene skal settes inn på en egen konto for hver skogeiendom. Manglende betaling medfører renter og kan kreves inn som tvangskrav.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 3 sep 2014 nr. 1144, 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).
Se ogsåForskrift om skogfond o.a. § 7Forskrift om skogfond o.a. § 10Forskrift om skogfond o.a. § 14 første leddreferert av 1 →
Sammenheng
Se også3
Referert av1
Koblinger for § 8 i forskrift-om-skogfond-oa.