Hopp til innhold
Forskrift

§ 1. Generelle reglar om norske, samiske og kvenske stadnamn

Forskrift om stadnamn·Sist endret 14. februar 2022

Generelle reglar om norske, samiske og kvenske stadnamn

Stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving, når ikkje anna følgjer av reglane nedanfor. Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp. For samiske og kvenske stadnamn skal det takast særleg omsyn til munnleg tradisjon. Skal eit objekt som ikkje har hatt namn, namnsetjast, skal det takast omsyn til lokale, nedervde stadnamn og tradisjonelt ordtilfang på staden. I saker der ein etter stadnamnlova § 4 andre ledd vurderer å velje ein skrivemåte som har vore lenge i bruk, skal det takast med i vurderinga a) om skrivemåten kan medverke til at meiningsinnhaldet i namnet ikkje kjem tydeleg fram b) om skrivemåten kan endre den nedervde lokale uttalen av namnet c) kor lang og dominerande tradisjon skrivemåten har på namneobjektet d) kor stor semje det er om skrivemåten lokalt e) om skrivemåten har tradisjon i det språket som namnesaka gjeld. Skrivemåtar som kan medverke til at meiningsinnhaldet ikkje kjem tydeleg fram, eller til at den nedervde lokale uttalen blir endra, kan berre godtakast dersom dei har ein lang og dominerande tradisjon, og det er stor semje om dei lokalt. Ved fastsetjing av skrivemåten til samiske og kvenske stadnamn, skal ikkje eldre, fornorska skrivemåter godtakast.

Stadnamn skal som hovudregel følgje gjeldande rettskriving. For samiske og kvenske namn skal munnleg tradisjon vegast tungt. Ved nye namn skal lokale tradisjonar og ordtilfang takast omsyn til.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Se ogsåStadnamnlova § 4

Sammenheng

Se også1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 1 i forskrift-om-stadnamn.

Les hele forskriften i sammenheng →