Hopp til innhold
Forskrift
Kultur- og likestillingsdepartementet

Forskrift om stadnamn

forskrift/2017-05-23-638·16 paragrafer·Sist endret 14. februar 2022·Utforsk grafen
I kraft 2017-05-23Kunngjort 2017-05-24Sist endret ved forskrift/2022-02-14-381
Innhold16 paragrafer

Generelle reglar om norske, samiske og kvenske stadnamn

Stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving, når ikkje anna følgjer av reglane nedanfor. Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp. For samiske og kvenske stadnamn skal det takast særleg omsyn til munnleg tradisjon. Skal eit objekt som ikkje har hatt namn, namnsetjast, skal det takast omsyn til lokale, nedervde stadnamn og tradisjonelt ordtilfang på staden. I saker der ein etter stadnamnlova § 4 andre ledd vurderer å velje ein skrivemåte som har vore lenge i bruk, skal det takast med i vurderinga a) om skrivemåten kan medverke til at meiningsinnhaldet i namnet ikkje kjem tydeleg fram b) om skrivemåten kan endre den nedervde lokale uttalen av namnet c) kor lang og dominerande tradisjon skrivemåten har på namneobjektet d) kor stor semje det er om skrivemåten lokalt e) om skrivemåten har tradisjon i det språket som namnesaka gjeld. Skrivemåtar som kan medverke til at meiningsinnhaldet ikkje kjem tydeleg fram, eller til at den nedervde lokale uttalen blir endra, kan berre godtakast dersom dei har ein lang og dominerande tradisjon, og det er stor semje om dei lokalt. Ved fastsetjing av skrivemåten til samiske og kvenske stadnamn, skal ikkje eldre, fornorska skrivemåter godtakast.

Stadnamn skal som hovudregel følgje gjeldande rettskriving. For samiske og kvenske namn skal munnleg tradisjon vegast tungt. Ved nye namn skal lokale tradisjonar og ordtilfang takast omsyn til.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Se ogsåStadnamnlova § 4

Korleis lydleg overførte stadnamn i fleirspråkleg område skal skrivast

Stadnamn som heilt eller delvis er lydleg overførte frå andre språk, og som har fått ein innarbeidd uttale i mottakarspråket, skal følgje rettskrivingsreglane i mottakarspråket. Har eit slikt stadnamn ikkje fått ein innarbeidd uttale, skal det følgje rettskrivingsreglane i opphavsspråket. Inneheld eit overført stadnamn eit ledd som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan dette leddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket. Den andre delen av stadnamnet skal følgje rettskrivingsreglane i mottakarspråket. I andre tilfelle skriv ein namneleddet i samsvar med reglane i mottakarspråket.

Stedsnavn som er hentet fra andre språk skal skrives etter reglene i det språket de brukes i dersom uttalen er etablert. Hvis uttalen ikke er etablert, følger man reglene fra det opprinnelige språket. Enkelte deler av navnet kan i visse tilfeller skrives etter reglene i et annet språk.AI

Særleg om norske stadnamn

Skrivemåten av norske stadnamn skal følgje den rettskrivingsforma eller regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det. For namn på bruk skal det leggjast særleg vekt på kva slags skrivemåte eigaren ønskjer. Dette gjeld òg i saker der vilkåra for at eigaren kan fastsetje skrivemåten, ikkje er oppfylte.

Norske stedsnavn skal skrives slik at det stemmer best overens med lokal uttale. Ved navn på gårdsbruk skal det legges stor vekt på hva eieren ønsker for skrivemåten.AI

Særleg om samiske stadnamn

For samiske stadnamn skal det takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskriving i nordsamisk, lulesamisk, skoltesamisk eller sørsamisk. Nordsamisk rettskriving skal brukast i Finnmark, Troms og i Nordland til Tysfjord kommune. Skoltesamiske stadnamn i Sør-Varanger kommune kan likevel følgje skoltesamisk rettskriving. Lulesamisk rettskriving skal brukast frå og med Tysfjord kommune og sørover til Meløy kommune. Frå og med Rana kommune og sørover skal sørsamisk rettskriving brukast. I grenseområda for dei enkelte språkområda, kan ein bruke den rettskrivinga som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan òg veljast regionale samleformer. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det. Dersom det er brukt fleire samiske namn om det same namneobjektet, skal det eldste namnet brukast av det offentlege. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå denne regelen. I avveginga av ulike omsyn skal ein leggje vekt på at stadnamna får ein einskapleg skrivemåte innanfor dei ulike samiske språkområda.

Samiske stedsnavn skal baseres på lokal uttale og følge gjeldende rettskriving for det aktuelle språkområdet. Det eldste navnet skal i utgangspunktet brukes av det offentlige dersom et sted har flere samiske navn.AI

Særleg om kvenske stadnamn

For kvenske namn skal det takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Det kan likevel veljast regionale samleformer. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det.

Kvenske stedsnavn skal i utgangspunktet følge den lokale uttalen som er nedarvet. Det er likevel mulig å bruke regionale samleformer eller lokale dialektformer dersom det er særskilte grunner for det.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Bruk av eittspråklege namn

Har eit objekt berre eit samisk namn, eit kvensk namn eller eit norsk namn, skal det offentlege bruke dette namnet utan omsetjing eller tilpassingar.

Hvis et sted eller et objekt kun har ett navn på enten samisk, kvensk eller norsk, skal det offentlige bruke dette navnet. Navnet skal ikke oversettes eller endres.AI

Bruk av fleirspråklege namn

Har eit objekt samisk eller kvensk namn i tillegg til eit norskspråkleg namn, og namneformene er i bruk blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal begge eller alle namna brukast. I samanhengande tekst skal det offentlege bruke namnet på det språket teksten er utforma i. På skilt eller kart o.l. der det blir brukt meir enn eitt namn, skal kommunen fastsetje rekkjefølgja av namna. Når ein fastset rekkjefølgja, skal ein ta omsyn til språkbruken på staden. I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk. Der det av praktiske grunnar er særskilt vanskeleg å bruke fleire namn, skal det i valet mellom norsk, samisk og kvensk leggjast vekt på kva for eit namn som har lengst tradisjon og er best kjent på staden. Det norske namnet treng ikkje å vere med dersom det er ei lydleg tilpassa form av det samiske eller kvenske namnet, skil seg lite frå det og ikkje er i vanleg bruk i den norske forma.

Hvis et sted har navn på både norsk, samisk og kvensk som er i bruk lokalt, skal alle disse navnene brukes. Det offentlige skal bruke språket teksten er skrevet på i løpende tekst, mens kommunen bestemmer rekkefølgen på skilt og kart.AI

Saksbehandling

Ved vedtak etter stadnamnlova § 7 første til fjerde ledd skal vedtaksorganet sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. Ved behov kan det hentast ei førebels tilråding frå stadnamntenesta. Vedtaksorganet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. Dei som etter stadnamnlova § 8 tredje og fjerde ledd har rett til å uttale seg, skal ha minst to månader til å uttale seg frå dei får saka. Vedtaksorganet skal sende høyringssvara til stadnamntenesta, som skal gi endeleg tilråding før vedtak. I saker som gjeld nedervde namn på bruk etter stadnamnlova § 5 tredje ledd, kan eigaren fastsetje skrivemåten utan at det ligg føre ei vurdering frå stadnamntenesta. I område med samiske eller kvenske stadnamn skal saker som gjeld norske namn, òg sendast til stadnamntenesta for samiske stadnamn og stadnamntenesta for kvenske stadnamn. Dei skal finne ut namneobjektet òg har eit samisk eller kvensk namn og gi ei førebels tilråding av skrivemåten. Samiske og kvenske organisasjonar skal få saker som gjeld samiske og kvenske stadnamn, tilsende direkte. Høyringssvara skal sendast til stadnamntenesta, som skal gi endeleg tilråding før vedtak. Saker om skrivemåten av daglegnamn skal behandlast på same måten som saker om dei offisielle bruksnamna. Med daglegnamn er meint namn som er nytta i samsvar med den lokale tradisjonen, men som ikkje er identiske med dei offisielle bruksnamna som er registrerte i offentlege register. I saker der det same namnet blir brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal ein først fastsetje skrivemåten for det objektet namnet opphavleg vart brukt på. Vedtaksorganet skal sjå til at alle funksjonane av namnet blir tekne opp i namnesaka. I saker som gjeld skrivemåte av nedervde bruksnamn etter stadnamnlova § 5 tredje ledd, trengst det likevel ikkje reisast namnesak for det tilsvarande gardsnamnet samtidig, med mindre eigaren krev det.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Se ogsåStadnamnlova § 7Stadnamnlova § 8Stadnamnlova § 5

Vedtak

Vedtak etter stadnamnlova skal vere skriftleg og grunngitt. Grunngivinga skal vise til den regelen vedtaket byggjer på, og skal innehalde dei faglege føresetnadene for og den vurderinga som ligg til grunn for vedtaket. Grunngiving skal givast samtidig med vedtaket for gardsnamn og bruksnamn, når bruksnamnet ikkje er fastsett av eigaren. Dei som har klagerett etter stadnamnlova § 12 første ledd, kan krevje å få grunngivinga for andre enkeltnamn. Ei melding eller kunngjering om vedtak skal innehalde opplysningar om klagerett, klagefrist, framgangsmåte ved klage, rett til å sjå saksdokumenta og til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram. Blir meldinga kunngjord offentleg, tek klagefristen til å gjelde frå vedtaket vart kunngjort første gongen. Vedtaksorganet skal sende vedtaket til den som har teke opp stadnamnsaka, til vedkommande kommune og fylkeskommune som ikkje sjølv er vedtaksorgan, til statlege organ som skal bruke namnet i tenesta, til stadnamntenesta og til Sentralt stadnamnregister. Kommunen skal sende vedtaket vidare til partane i saka og dei som har uttala seg i saka etter stadnamnlova § 8 første ledd, og gjere vedtaket kjent for dei som har klagerett etter stadnamnlova § 12 første ledd.

Beslutninger om stedsnavn skal være skriftlige og begrunnes. Vedtaket skal inneholde informasjon om hvordan man klager og hvem som skal motta varselet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Se ogsåStadnamnlova § 12Stadnamnlova § 8

Klage

Ei klage skal vere skriftleg, og grunngivinga må behandle alle namn eller namneledd klaga gjeld. Klaga skal sendast til det organet som har fastsett skrivemåten, med kopi til vedkommande kommune dersom kommunen ikkje sjølv er vedtaksorgan. Forvaltningsloven kapittel VI gjeld med dei unntaka som går fram av stadnamnlova § 8 og § 12. Dersom vedtaksorganet, etter at sak har vore til klagebehandling, vedtek den skrivemåten klagaren ønskte, og det blir klaga på dette nye vedtaket, må saka med alle dokumenta bli send til avgjerd i klagenemnda for stadnamnsaker. Ei klage på eigarfastsett skrivemåte av namn på bruk kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved saksbehandlinga. Underinstansen, klageinstansen eller eit anna overordna organ kan fastsetje at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klagefristen er ute, eller klaga er avgjord. Eit avslag på søknad om utsetjing skal vere skriftleg og grunngitt.

En klage på skrivemåte av stedsnavn må være skriftlig og begrunne alle navnene det gjelder. Klagen skal sendes til organet som fattet vedtaket. For visse navn kan man kun klage på dokumentasjonen eller saksbehandlingen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Se ogsåStadnamnlova § 8Stadnamnlova § 12

Bruk av stadnamn i tenesta

Statsorgan, fylkeskommunar og kommunar og selskap som det offentlege eig fullt ut skal bruke den fastsette eller prioriterte skrivemåten av stadnamnet, jf. stadnamnlova § 11 og forskrifta § 14 femte ledd, i tekstproduksjon, skilting og på kart. Dette omfattar mellom anna a) namn på offisielle krinsar (delområde, grunnkrins, stemmekrins, skulekrins, kyrkjesokn, postnummerområde m.m.) b) namn på offentlege anlegg som idrettsanlegg, fyr, vegar, tunnelar, bruer haldeplassar, rasteplassar, ferjekaier m.m. c) namn på institusjonar som kyrkjer, sjukehus, barnehagar og skular d) namn på verneområde som vidarefører eit nedervd stadnamn i bruk. Namn som er nemnt i første punktum bokstav c skal finnast på både nynorsk og bokmål når dei er namn på statsorgan, jf. språklova § 10.

Offentlige organer og fullt offentlig eide selskaper skal bruke fastsatte eller prioriterte stavemåter for stedsnavn i tekst, på skilt og på kart. Dette gjelder blant annet for offentlige anlegg, institusjoner, områder og krinser.AI

Noter (1)
  • EndringTilføyd ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.

Se ogsåStadnamnlova § 11Språklova § 10Forskrift om stadnamn § 14

Klagenemnda for stadnamnsaker

Departementet peikar ut medlemmene i klagenemnda for stadnamnsaker. Sametinget peikar ut medlem som er kunnig i samiske språk. Kvar medlem skal ha ein personleg varamedlem. Medlemmene blir peika ut for fire år om gongen. Klagenemnda for stadnamnsaker skal ha ein fast leiar som er jurist, to faste medlemmer peika ut etter forslag frå KS (kommunesektorens organisasjon) og ein representant språkkunnig i bokmål, ein i nynorsk, ein i samiske språk og ein i kvensk. Klagenemnda skal ha fem medlemmer ved behandlinga av norske stadnamn, men er likevel vedtaksfør når minst fire medlemer, og av dei leiaren eller vara for leiaren, er til stades. Klagenemnda skal ha fire medlemmer ved behandlinga av samiske og kvenske stadnamn og er vedtaksfør når minst tre medlemmer er til stades, og av dei leiaren eller vara for leiaren og den språkkunnige for samisk eller kvensk. Står stemmetala likt, avgjer leiaren saka.

Denne regelen forklarer hvordan klagenemnda for stedsnavnsaker er satt sammen og hvem som kan ta avgjørelser. Den beskriver hvem som utnevner medlemmene, hvilken kompetanse de skal ha, og hvor mange som må være til stede for at nemnda kan fatte vedtak.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 11).

Gjenopning

Vedtaksorganet avgjer om ei sak skal takast opp på nytt. Det gjeld òg saker som har vore behandla i klagenemnda for stadnamnsaker. Vedtaksorganet avgjer om ei sak som er opna på nytt, skal ut på ny høyring. Eit avslag på ei oppmoding om å ta saka opp på nytt, kan klagast til klagenemnda for stadnamnsaker.

Vedtaksorganet bestemmer om ei sak om stadnamn skal opnast på nytt, inkludert saker som er behandla i klagenemnda. Det er også vedtaksorganet som avgjer om saka skal ut på ny høyring. Eit avslag på gjenopning kan klagast inn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 12).

Sentralt stadnamnregister

Sentralt stadnamnregister skal innehalde opplysningar om alle stadnamn som har fått skrivemåten vedteken etter stadnamnlova. I tillegg skal registeret innehalde flest mogleg andre stadnamn som er godkjende etter tidlegare lov og forskrift og brukte i offentleg samanheng, og tilhøyrande opplysningar om desse namna. For alle namna skal registeret ha opplysningar om: a) korleis namnet blir skrive b) status for skrivemåten, som foreslått, vedteken, godkjend, avslått mv. c) språk d) objekttype som grend, gard, bruk, veg, vatn, elv, nes osv. e) eventuelt fleire namn på same språk for same namneobjekt, og kva for namn som er mest vanleg å bruke, dersom ein har kunnskap om det f) flate, line eller punkt med koordinat referert i eit nasjonalt brukt koordinatsystem g) administrativ tilhøyrsel (kommunenummer) h) vedtaksdato og kven som har gjort vedtaket dersom stadnamnet er vedteke i) identitetsnummeret i matrikkelen dersom stadnamnet er vedteke og skal brukast i matrikkelen j) kva for offentleg bruk stadnamnet er henta frå og om mogleg dato for dokumentasjonen dersom det gjeld eit godkjend stadnamn. Kartverket fører registeret og skal syte for at opplysningane er allment tilgjengelege. Kartverket skal utarbeide dei standardane og rutinane som skal nyttast ved rapportering til registeret. Skal eit vedtak brukast i matrikkelen, skal Statens kartverk syte for oppdatering mellom dei to registera. Når eit namn ikkje er behandla etter reglane i stadnamnlova, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og er registrerte i Sentralt stadnamnregister som godkjende skrivemåtar, skal ein i offentleg bruk velje den skrivemåten som er prioritert i Sentralt stadnamnregister.

Det finnes et sentralt register over stedsnavn som Kartverket har ansvaret for. Registeret skal inneholde informasjon om hvordan navnene skrives, hva slags type sted det er, og hvor det ligger. Informasjonen skal være tilgjengelig for alle.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 13).

referert av 1

Utfyllande reglar

Språkrådet kan fastsetje utfyllande språkreglar om korleis norske og kvenske stadnamn skal skrivast. Språkreglane skal godkjennast av Kulturdepartementet. Sametinget kan fastsetje utfyllande språkreglar om skrivemåten av samiske stadnamn.

Språkrådet kan lage regler for hvordan norske og kvenske stedsnavn skal skrives, men disse må godkjennes av Kulturdepartementet. Sametinget bestemmer reglene for skrivemåten av samiske stedsnavn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 14).

Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks. Frå same tid blir forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn oppheva.

Denne forskriften gjelder fra nå av. Den gamle forskriften om hvordan stedsnavn skal skrives er ikke lenger gyldig.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 15).

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Korleis skal stadnamn med kjende ord skrivast?

Stadnamn skal som hovudregel følgje gjeldande rettskriving. For samiske og kvenske namn skal munnleg tradisjon vegast tungt. Ved nye namn skal lokale tradisjonar og ordtilfang takast omsyn til.

Åpne § 1
Hvordan skal stedsnavn fra andre språk skrives hvis uttalen er etablert?

Stedsnavn som er hentet fra andre språk skal skrives etter reglene i det språket de brukes i dersom uttalen er etablert. Hvis uttalen ikke er etablert, følger man reglene fra det opprinnelige språket. Enkelte deler av navnet kan i visse tilfeller skrives etter reglene i et annet språk.

Åpne § 2
Hvordan skal norske stedsnavn skrives?

Norske stedsnavn skal skrives slik at det stemmer best overens med lokal uttale. Ved navn på gårdsbruk skal det legges stor vekt på hva eieren ønsker for skrivemåten.

Åpne § 3
Hva skal være utgangspunktet for samiske stedsnavn?

Samiske stedsnavn skal baseres på lokal uttale og følge gjeldende rettskriving for det aktuelle språkområdet. Det eldste navnet skal i utgangspunktet brukes av det offentlige dersom et sted har flere samiske navn.

Åpne § 4
Hva skal man legge til grunn for kvenske stedsnavn?

Kvenske stedsnavn skal i utgangspunktet følge den lokale uttalen som er nedarvet. Det er likevel mulig å bruke regionale samleformer eller lokale dialektformer dersom det er særskilte grunner for det.

Åpne § 5
Skal det offentlige oversette et stedsnavn hvis det bare finnes på ett språk?

Hvis et sted eller et objekt kun har ett navn på enten samisk, kvensk eller norsk, skal det offentlige bruke dette navnet. Navnet skal ikke oversettes eller endres.

Åpne § 6
Hva skjer hvis et sted har navn på flere språk?

Hvis et sted har navn på både norsk, samisk og kvensk som er i bruk lokalt, skal alle disse navnene brukes. Det offentlige skal bruke språket teksten er skrevet på i løpende tekst, mens kommunen bestemmer rekkefølgen på skilt og kart.

Åpne § 7
Må et vedtak om stedsnavn være skriftlig?

Beslutninger om stedsnavn skal være skriftlige og begrunnes. Vedtaket skal inneholde informasjon om hvordan man klager og hvem som skal motta varselet.

Åpne § 9

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2022