Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5. Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Stadnamnlova·Sist endret 1. juli 2019

Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 8. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet. Det same gjeld der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Eigaren eller festaren kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.

Reglene bestemmer hvordan gårds- og bruksnavn skal skrives når de er like stedsnavn. Eiere kan i noen tilfeller bestemme skrivemåten selv for nedervde bruksnavn eller nye bruk.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 8.

Se ogsåStadnamnlova § 4Stadnamnlova § 3Stadnamnlova § 8omtalt i 3 kilderreferert av 2

Sammenheng

Se også3
Referert av2
Nevnt i3
Endringshistorikk3

Koblinger for § 5 i stadnamnlova.

Les hele loven i sammenheng →