Saksbehandling
Ved vedtak etter stadnamnlova § 7 første til fjerde ledd skal vedtaksorganet sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. Ved behov kan det hentast ei førebels tilråding frå stadnamntenesta.
Vedtaksorganet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. Dei som etter stadnamnlova § 8 tredje og fjerde ledd har rett til å uttale seg, skal ha minst to månader til å uttale seg frå dei får saka. Vedtaksorganet skal sende høyringssvara til stadnamntenesta, som skal gi endeleg tilråding før vedtak. I saker som gjeld nedervde namn på bruk etter stadnamnlova § 5 tredje ledd, kan eigaren fastsetje skrivemåten utan at det ligg føre ei vurdering frå stadnamntenesta.
I område med samiske eller kvenske stadnamn skal saker som gjeld norske namn, òg sendast til stadnamntenesta for samiske stadnamn og stadnamntenesta for kvenske stadnamn. Dei skal finne ut namneobjektet òg har eit samisk eller kvensk namn og gi ei førebels tilråding av skrivemåten. Samiske og kvenske organisasjonar skal få saker som gjeld samiske og kvenske stadnamn, tilsende direkte. Høyringssvara skal sendast til stadnamntenesta, som skal gi endeleg tilråding før vedtak.
Saker om skrivemåten av daglegnamn skal behandlast på same måten som saker om dei offisielle bruksnamna. Med daglegnamn er meint namn som er nytta i samsvar med den lokale tradisjonen, men som ikkje er identiske med dei offisielle bruksnamna som er registrerte i offentlege register.
I saker der det same namnet blir brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal ein først fastsetje skrivemåten for det objektet namnet opphavleg vart brukt på. Vedtaksorganet skal sjå til at alle funksjonane av namnet blir tekne opp i namnesaka. I saker som gjeld skrivemåte av nedervde bruksnamn etter stadnamnlova § 5 tredje ledd, trengst det likevel ikkje reisast namnesak for det tilsvarande gardsnamnet samtidig, med mindre eigaren krev det.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.
Sammenheng
Koblinger for § 8 i forskrift-om-stadnamn.