Bruk av fleirspråklege namn
Har eit objekt samisk eller kvensk namn i tillegg til eit norskspråkleg namn, og namneformene er i bruk blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal begge eller alle namna brukast.
I samanhengande tekst skal det offentlege bruke namnet på det språket teksten er utforma i.
På skilt eller kart o.l. der det blir brukt meir enn eitt namn, skal kommunen fastsetje rekkjefølgja av namna. Når ein fastset rekkjefølgja, skal ein ta omsyn til språkbruken på staden. I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk.
Der det av praktiske grunnar er særskilt vanskeleg å bruke fleire namn, skal det i valet mellom norsk, samisk og kvensk leggjast vekt på kva for eit namn som har lengst tradisjon og er best kjent på staden. Det norske namnet treng ikkje å vere med dersom det er ei lydleg tilpassa form av det samiske eller kvenske namnet, skil seg lite frå det og ikkje er i vanleg bruk i den norske forma.
Hvis et sted har navn på både norsk, samisk og kvensk som er i bruk lokalt, skal alle disse navnene brukes. Det offentlige skal bruke språket teksten er skrevet på i løpende tekst, mens kommunen bestemmer rekkefølgen på skilt og kart.AI
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 7 i forskrift-om-stadnamn.