Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7. Avgjerder

Stadnamnlova·Sist endret 1. juli 2019

Avgjerder

Kommunen vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. Fylkeskommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l. Statlege organ vel namn på statlege anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namnet på distriktet. Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative området. Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd. Ei namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk. Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

Bestemmelsen fordeler ansvaret for å velge navn og skrivemåte på ulike steder og anlegg mellom kommunen, fylkeskommunen, statlige organer og Statens kartverk. Den fastslår også at navn på norsk, samisk og kvensk skal behandles samtidig.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 7 i stadnamnlova.

Les hele loven i sammenheng →