Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Kultur- og likestillingsdepartementet

Lov om stadnamn

Stadnamnlova

lov/1990-05-18-11·16 paragrafer·Sist endret 1. juni 2021·Utforsk grafen
I kraft 1991-07-01Sist endret ved lov/2021-05-07-34 fra 2021-06-01

Formål

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova

Innhold16 paragrafer

Formål og verkeområde

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta. Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut og i læremiddel som skal brukast i skolen. Departementet kan i særskilte tilfelle gi forskrift om at lova skal gjelde når selskap som det offentlege ikkje eig fullt ut, skal bruke stadnamn. Lova gjeld ikkje for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.

Loven skal bevare stedsnavn som kulturelle minner og sikre praktiske skrivemåter. Den gjelder for offentlige myndigheter, offentlige selskaper og i skolebøker. Loven gjelder ikke for Svalbard, Jan Mayen, kontinentalsokkelen eller økonomiske soner.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 4 kilderreferert av 2

Definisjonar

I denne lova tyder: a) stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar og adresser b) gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til c) bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer d) nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar e) nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk f) rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift

Bestemmelsen forklarer hva ulike begreper betyr i loven. Den definerer hva som regnes som stedsnavn, gårdsnavn, bruksnavn og nedarvede navn og uttaler, samt hva rettskrivingsprinsipper er.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 3 kilder

Namnevern

Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar. Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som er på same språk, og som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

Reglene bestemmer når man kan ta i bruk eller bytte ut stedsnavn. Et navn kan ikke brukes på et nytt sted hvis det er et vernet etternavn eller et særegent navn. Ved bytte av gamle navn skal det nye navnet normalt være på samme språk og ha tradisjon for stedet.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 3 kilderreferert av 2

Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp. Har skrivemåten vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp. Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren. To eller fleire skriftformer av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast som sidestilte, dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte: a) det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde b) to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde c) det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene

Når stedsnavn skal skrives, er den lokale uttalen utgangspunktet. Skrivemåten skal følge gjeldende rettskriving, men unntak kan gjøres dersom en skrivemåte har vært i bruk lenge. I visse tilfeller kan flere ulike skrivemåter for samme navn være likeverdige.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 3 kilderreferert av 2

Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 8. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet. Det same gjeld der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Eigaren eller festaren kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.

Reglene bestemmer hvordan gårds- og bruksnavn skal skrives når de er like stedsnavn. Eiere kan i noen tilfeller bestemme skrivemåten selv for nedervde bruksnavn eller nye bruk.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 8.

Se ogsåStadnamnlova § 4Stadnamnlova § 3Stadnamnlova § 8omtalt i 3 kilderreferert av 2

Igangsetjing av stadnamnsak

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av a) eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd b) eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom c) ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn d) stadnamntenesta

Bestemmelsen forklarer hvem som kan starte en sak om hvordan et stedsnavn skal skrives. Dette gjelder blant annet offentlige organer, eiere av eiendom, lokale organisasjoner og stedsnavntjenesten.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 5.

Se ogsåStadnamnlova § 1omtalt i 3 kilderreferert av 2

Avgjerder

Kommunen vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. Fylkeskommunen vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l. Statlege organ vel namn på statlege anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namnet på distriktet. Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative området. Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd. Ei namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk. Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

Bestemmelsen fordeler ansvaret for å velge navn og skrivemåte på ulike steder og anlegg mellom kommunen, fylkeskommunen, statlige organer og Statens kartverk. Den fastslår også at navn på norsk, samisk og kvensk skal behandles samtidig.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Kunngjering og høyring

Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Kommunane har ansvar for å kunngjere at det er reist namnesak. I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn, der eigaren har rett til å fastsetje skrivemåten, jf. § 5 tredje ledd, kan skrivemåten vedtakast utan høyring. Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til.
Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

Se ogsåStadnamnlova § 5omtalt i 3 kilderreferert av 51 forskrift

Tilråding

Før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal stadnamntenesta gi tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing. Grunneigaren kan be om å få ei tilråding frå stadnamntenesta i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom.

Stednavntjenesten skal gi en anbefaling om skrivemåte og navnebruk før det tas en beslutning om navnet. Eiere av gårder eller eiendommer kan selv be om en slik anbefaling.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Gjenopning

Ei sak kan bli gjenopna av dei som er nemnde i § 6 bokstav a til d, dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt vedtak skal gjerast etter reglane i denne lova.

Ei sak kan opnast på nytt dersom det kjem fram nye opplysningar. Det nye vedtaket skal følgje reglane i denne lova.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 7.

Se ogsåStadnamnlova § 6omtalt i 3 kilder

Bruk av stadnamn

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd. Samiske og kvenske stadnamn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal til vanleg brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register saman med eventuelt norsk namn. Offentlege organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd, skal halde fram med å bruke dei skriftformene som er i bruk av det offentlege når lova blir sett i verk, til det eventuelt blir gjort endringsvedtak.

Når skrivemåten til et stedsnavn er fastsatt og registrert, skal denne brukes. Samiske og kvenske navn som brukes lokalt, skal normalt stå sammen med det norske navnet på kart og skilt. Eksisterende skrivemåter brukes frem til et eventuelt endringsvedtak.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 9.

Se ogsåStadnamnlova § 1omtalt i 1 kildereferert av 2

Klage

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 6 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her. Offentlege organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Ei klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av eit departement i medhald av delegert mynde, eller av Kongen, kan ikkje påklagast. Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Språkrådet, Sametinget og departementet høve til å uttale seg. Feilbruk og manglande bruk av stadnamn etter § 11 kan påklagast til det organet som er nærast overordna det organet som klagen gjeld. Statsforvaltaren er klageinstans når klagen gjeld kommunale eller fylkeskommunale organ. Manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda. Eit departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda. For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i §§ 8 og 9 tilsvarande. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.

Bestemmelsen forklarer hvem som kan klage på vedtak om stedsnavn og hvordan klageprosessen fungerer. Den beskriver hvem som behandler klagene og hvilke regler som gjelder for saksbehandlingen.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), endra med lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåStadnamnlova § 6Stadnamnlova § 11Stadnamnlova § 8Stadnamnlova § 9omtalt i 1 kildereferert av 21 forskrift

Stadnamntenesta

Språkrådet er stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn. Sametinget er stadnamnteneste for samiske stadnamn. Stadnamntenesta skal gi rettleiing og tilråding om skrivemåten av stadnamn, namneskikk og namnsetjing. Tenesta kan òg uttale seg om bruk av stadnamn.

Språkrådet og Sametinget fungerer som faglige tjenester for norske, kvenske og samiske stedsnavn. De gir veiledning og anbefalinger om hvordan stedsnavn skal skrives, brukes og navngis.AI

Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

omtalt i 1 kilde

Stadnamnregister

Det skal førast eit sentralt stadnamnregister. Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket. Opplysningane i registeret er offentlege.

Det skal finnes et sentralt register for stedsnavn. Myndighetene som bestemmer hvordan et stedsnavn skal skrives, må melde dette inn i registeret. Opplysningene i registeret er åpne for alle.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 12.

Forskrift og unntak

Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av lova. Når særlege grunner talar for det, kan departementet i enkelttilfelle gjere unntak frå reglane i lova og forskrifta.

Departementet har myndighet til å lage utfyllende regler for hvordan loven skal brukes. I spesielle tilfeller kan departementet også bestemme at loven eller reglene ikke skal gjelde for enkelte saker.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 13.

1 forskrift

Iverksetjing

Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid blir det gjort følgjande endring i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven): – – –

Loven trer i kraft fra det tidspunktet Kongen bestemmer. Samtidig gjøres det endringer i loven om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom.AI

Noter (2)
  • EndringEndra med lov 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), tidlegare § 13, endra med lov 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), tidlegare § 14.
  • Note 1Frå 1 juli 1991 iflg. res. 18 mai 1990 nr. 361 .

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva er formålet med stedsnavnloven?

Loven skal bevare stedsnavn som kulturelle minner og sikre praktiske skrivemåter. Den gjelder for offentlige myndigheter, offentlige selskaper og i skolebøker. Loven gjelder ikke for Svalbard, Jan Mayen, kontinentalsokkelen eller økonomiske soner.

Åpne § 1
Hva regnes som stedsnavn?

Bestemmelsen forklarer hva ulike begreper betyr i loven. Den definerer hva som regnes som stedsnavn, gårdsnavn, bruksnavn og nedarvede navn og uttaler, samt hva rettskrivingsprinsipper er.

Åpne § 2
Kan jeg bruke et stedsnavn på et sted det ikke tradisjonelt hører hjemme?

Reglene bestemmer når man kan ta i bruk eller bytte ut stedsnavn. Et navn kan ikke brukes på et nytt sted hvis det er et vernet etternavn eller et særegent navn. Ved bytte av gamle navn skal det nye navnet normalt være på samme språk og ha tradisjon for stedet.

Åpne § 3
Hva skal man legge til grunn når man bestemmer hvordan et stedsnavn skal skrives?

Når stedsnavn skal skrives, er den lokale uttalen utgangspunktet. Skrivemåten skal følge gjeldende rettskriving, men unntak kan gjøres dersom en skrivemåte har vært i bruk lenge. I visse tilfeller kan flere ulike skrivemåter for samme navn være likeverdige.

Åpne § 4
Hvem kan bestemme skrivemåten for et helt nytt bruk?

Reglene bestemmer hvordan gårds- og bruksnavn skal skrives når de er like stedsnavn. Eiere kan i noen tilfeller bestemme skrivemåten selv for nedervde bruksnavn eller nye bruk.

Åpne § 5
Hvem kan starte en sak om skrivemåten til et stedsnavn?

Bestemmelsen forklarer hvem som kan starte en sak om hvordan et stedsnavn skal skrives. Dette gjelder blant annet offentlige organer, eiere av eiendom, lokale organisasjoner og stedsnavntjenesten.

Åpne § 6
Hvem bestemmer navnet på kommunale gater og torg?

Bestemmelsen fordeler ansvaret for å velge navn og skrivemåte på ulike steder og anlegg mellom kommunen, fylkeskommunen, statlige organer og Statens kartverk. Den fastslår også at navn på norsk, samisk og kvensk skal behandles samtidig.

Åpne § 7
Hvem gir anbefaling om hvordan et stedsnavn skal skrives?

Stednavntjenesten skal gi en anbefaling om skrivemåte og navnebruk før det tas en beslutning om navnet. Eiere av gårder eller eiendommer kan selv be om en slik anbefaling.

Åpne § 9

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2019

  2. 2015

  3. 2005

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

2 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Stadnamnlova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.