Kunngjering og høyring
Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Kommunane har ansvar for å kunngjere at det er reist namnesak.
I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn, der eigaren har rett til å fastsetje skrivemåten, jf. § 5 tredje ledd, kan skrivemåten vedtakast utan høyring.
Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet.
Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til.
Endret 21. juni 2019 · i kraft 1. juli 2019
Endringshistorikk (3)
- 21. juni 2019Endringslov til stadnamnlova
- 19. juni 2015Endringslov til stadnamnlova
- 10. juni 2005Endringslov til lov om stadnamn m.m.
Noter (1)
- EndringEndra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av5
Nevnt i3
- Lovvedtak 86 (2018–2019)Vedtak til lov om endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)
- Lovvedtak 99 (2014–2015)Vedtak til lov om endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)
- Innst. 323 L (2014–2015)Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)
Endringshistorikk3
Koblinger for § 8 i stadnamnlova.