Klage
Ei klage skal vere skriftleg, og grunngivinga må behandle alle namn eller namneledd klaga gjeld.
Klaga skal sendast til det organet som har fastsett skrivemåten, med kopi til vedkommande kommune dersom kommunen ikkje sjølv er vedtaksorgan. Forvaltningsloven kapittel VI gjeld med dei unntaka som går fram av stadnamnlova § 8 og § 12.
Dersom vedtaksorganet, etter at sak har vore til klagebehandling, vedtek den skrivemåten klagaren ønskte, og det blir klaga på dette nye vedtaket, må saka med alle dokumenta bli send til avgjerd i klagenemnda for stadnamnsaker.
Ei klage på eigarfastsett skrivemåte av namn på bruk kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved saksbehandlinga.
Underinstansen, klageinstansen eller eit anna overordna organ kan fastsetje at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klagefristen er ute, eller klaga er avgjord. Eit avslag på søknad om utsetjing skal vere skriftleg og grunngitt.
En klage på skrivemåte av stedsnavn må være skriftlig og begrunne alle navnene det gjelder. Klagen skal sendes til organet som fattet vedtaket. For visse navn kan man kun klage på dokumentasjonen eller saksbehandlingen.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381.
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 10 i forskrift-om-stadnamn.