Hopp til innhold
Forskrift

§ 14. Sentralt stadnamnregister

Forskrift om stadnamn·Sist endret 14. februar 2022

Sentralt stadnamnregister

Sentralt stadnamnregister skal innehalde opplysningar om alle stadnamn som har fått skrivemåten vedteken etter stadnamnlova. I tillegg skal registeret innehalde flest mogleg andre stadnamn som er godkjende etter tidlegare lov og forskrift og brukte i offentleg samanheng, og tilhøyrande opplysningar om desse namna. For alle namna skal registeret ha opplysningar om: a) korleis namnet blir skrive b) status for skrivemåten, som foreslått, vedteken, godkjend, avslått mv. c) språk d) objekttype som grend, gard, bruk, veg, vatn, elv, nes osv. e) eventuelt fleire namn på same språk for same namneobjekt, og kva for namn som er mest vanleg å bruke, dersom ein har kunnskap om det f) flate, line eller punkt med koordinat referert i eit nasjonalt brukt koordinatsystem g) administrativ tilhøyrsel (kommunenummer) h) vedtaksdato og kven som har gjort vedtaket dersom stadnamnet er vedteke i) identitetsnummeret i matrikkelen dersom stadnamnet er vedteke og skal brukast i matrikkelen j) kva for offentleg bruk stadnamnet er henta frå og om mogleg dato for dokumentasjonen dersom det gjeld eit godkjend stadnamn. Kartverket fører registeret og skal syte for at opplysningane er allment tilgjengelege. Kartverket skal utarbeide dei standardane og rutinane som skal nyttast ved rapportering til registeret. Skal eit vedtak brukast i matrikkelen, skal Statens kartverk syte for oppdatering mellom dei to registera. Når eit namn ikkje er behandla etter reglane i stadnamnlova, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og er registrerte i Sentralt stadnamnregister som godkjende skrivemåtar, skal ein i offentleg bruk velje den skrivemåten som er prioritert i Sentralt stadnamnregister.

Det finnes et sentralt register over stedsnavn som Kartverket har ansvaret for. Registeret skal inneholde informasjon om hvordan navnene skrives, hva slags type sted det er, og hvor det ligger. Informasjonen skal være tilgjengelig for alle.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 13).

referert av 1

Sammenheng

Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 14 i forskrift-om-stadnamn.

Les hele forskriften i sammenheng →