Klagenemnda for stadnamnsaker
Departementet peikar ut medlemmene i klagenemnda for stadnamnsaker. Sametinget peikar ut medlem som er kunnig i samiske språk. Kvar medlem skal ha ein personleg varamedlem. Medlemmene blir peika ut for fire år om gongen.
Klagenemnda for stadnamnsaker skal ha ein fast leiar som er jurist, to faste medlemmer peika ut etter forslag frå KS (kommunesektorens organisasjon) og ein representant språkkunnig i bokmål, ein i nynorsk, ein i samiske språk og ein i kvensk.
Klagenemnda skal ha fem medlemmer ved behandlinga av norske stadnamn, men er likevel vedtaksfør når minst fire medlemer, og av dei leiaren eller vara for leiaren, er til stades.
Klagenemnda skal ha fire medlemmer ved behandlinga av samiske og kvenske stadnamn og er vedtaksfør når minst tre medlemmer er til stades, og av dei leiaren eller vara for leiaren og den språkkunnige for samisk eller kvensk. Står stemmetala likt, avgjer leiaren saka.
Denne regelen forklarer hvordan klagenemnda for stedsnavnsaker er satt sammen og hvem som kan ta avgjørelser. Den beskriver hvem som utnevner medlemmene, hvilken kompetanse de skal ha, og hvor mange som må være til stede for at nemnda kan fatte vedtak.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 14 feb 2022 nr. 381 (tidlegare § 11).
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 12 i forskrift-om-stadnamn.