Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 16. Permisjonar

Forskrift om Statens kunstnarstipend·Kapittel 2. Fellesføresegner

Permisjonar

Mottakar av stipend omtalt i §§ 18–21 kan få permisjon ved svangerskap, fødsel, adopsjon og sjukdom, og ved mottak av pleiepengar gradert til over 50 prosent. Permisjon ved svangerskap, fødsel og adopsjon skal vere samanhengande og kan ikkje vare lenger enn 12 månader utover perioden stipendmottakar har rett til stønad etter folketrygdeloven kapittel 14. Permisjon ved sjukdom skal ikkje vare lenger enn perioden for erklæring om sjukdom frå lege, og kan ikkje vare lenger enn to år til saman. Permisjon ved mottak av pleiepengar kan ikkje vare lenger enn to år til saman. Ved innvilga permisjon blir stipendperioden forskyvd tilsvarande permisjonstida.

Stipendmottakere kan få permisjon ved sykdom, svangerskap, fødsel, adopsjon eller ved mottak av visse pleiepenger. Ved innvilget permisjon blir stipendperioden flyttet slik at den forlenges med samme tid som permisjonen varte.AI

Se ogsåForskrift om Statens kunstnarstipend § 18

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 16 i forskrift-om-statens-kunstnarstipend.

Les hele forskriften i sammenheng →