Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 11-19a. Oppattaking av bachelor- og masteroppgåve

Oppattaking av bachelor- og masteroppgåve

(1) Ein student som har fått bachelor- eller masteroppgåva si vurdert til ikkje bestått, kan levere forbetra versjon til sensur i løpet av dei to påfølgjande semestera. Ved særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve kan studenten søke fakultetet om å levere forbetra versjon etter dei to påfølgande semestera. Krav til dokumentasjon etter § 11-5 (3) bokstav c gjeld tilsvarande. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon éin gong. (2) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bachelor- eller masteroppgåve innafor same studieprogram. Det kan gjerast unntak viss studenten skriv heilt ny oppgåve med ny problemstilling. (3) Ved innlevering av ny eller forbetra versjon av bachelor- eller masteroppgåve, kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.

Studenter som stryker i bachelor- eller masteroppgaven kan levere en forbedret versjon én gang i løpet av de neste to semesterne. Det er som hovedregel ikke mulig å forbedre karakteren på en oppgave som allerede er bestått.AI

Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 11-5

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 11-19a i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →