Forskrift
Nynorsk
§ 11-5. Eksamensforsøk
Eksamensforsøk
(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre gonger ved Høgskulen på Vestlandet. Eksamensforsøk i praksis går fram av reglane i kapittel 10.
(2) Emne med tilsvarande fagleg innhald, blir rekna som same emne. Fagleg overlapp mellom emne skal gå fram av emneplanen, jf. § 2-9.
(3) Studentar utan bestått resultat i eit emne får etter søknad eit fjerde eksamensforsøk dersom eit av følgjande vilkår er oppfylte:
a) studenten manglar maksimalt 60 studiepoeng for å fullføre sin grad, eller yrkesutdanning, eller
b) emnet er obligatorisk i programmet eller forkunnskapskrav for eitt eller fleire obligatoriske emne i graden, eller
c) særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve ligg til grunn for at eitt eller fleire av dei tidlegare forsøka ikkje er bestått. Søknaden må vere dokumentert med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Studenten sin tilstand på eksamenstidspunktet og studenten sin sjanse til å gjennomføre, trekkje seg eller sjukmelde seg frå eksamenen skal gå fram av dokumentasjonen. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar kan telje med i vurderinga av søknaden.
(4) Det kan stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar på nytt.
Man kan normalt ikke ta eksamen i samme emne mer enn tre ganger. Det er mulig å søke om et fjerde forsøk dersom visse vilkår om studiepoeng, obligatoriske emner eller helsemessige årsaker er oppfylt.AI
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 2-9referert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
Koblinger for § 11-5 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.