Forskrift
Nynorsk
§ 11-19a. Oppattaking av bachelor- og masteroppgåve
Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 11. Eksamen·Sist endret 10. august 2026
Oppattaking av bachelor- og masteroppgåve
(1) Ein student som har fått bachelor- eller masteroppgåva si vurdert til ikkje bestått, kan levere ny eller forbetra versjon til sensur i løpet av dei to påfølgjande semestera. Ved særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve kan studenten søke fakultetet om å levere forbetra versjon etter dei to påfølgande semestera. Krav til dokumentasjon etter § 11-5 (3) bokstav c gjeld tilsvarande. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon éin gong.
(2) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bachelor- eller masteroppgåve innafor same studieprogram. Det kan gjerast unntak viss studenten skriv heilt ny oppgåve med ny problemstilling.
(3) Ved innlevering av ny eller forbetra versjon av bachelor- eller masteroppgåve, kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.
Hvis bachelor- eller masteroppgaven blir vurdert til ikke bestått, kan studenten levere ny eller forbedret versjon til sensur, men bare én gang. Bestått oppgave kan vanligvis ikke forbedres, og veiledningen kan bli begrenset ved ny innlevering.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 11-5
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 11-19a i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.