Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 14-2. Utferding av vitnemål

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 14. Vitnemål og karakterutskrift

Utferding av vitnemål

(1) Vitnemål for fullført grad, yrkesutdanning eller studieprogram, blir utferda automatisk for studentar som fullfører utdanninga på normert tid. (2) Studentar som er forseinka i studieløpet, må sjølve be om å få vitnemål når utdanninga er fullført. (3) Høgskulen på Vestlandet utferder vitnemål for ein fullført grad, ei yrkesutdanning eller eit studieprogram ein gong. (4) Høgskulen kan utferde duplikat av tildelt papirvitnemål etter søknad. Styret fastset storleiken på vederlag for å skrive ut duplikat. (5) Dersom studenten forbetrar resultat ved å ta ny eksamen etter å ha motteke vitnemål for fullført utdanning, blir dette dokumentert med karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller Studentweb. (6) Dersom studenten har fått papirvitnemål og karakteren i vitnemålet blir endra etter klagesensur, pliktar studenten å levere inn vitnemålet. Det blir ikkje laga nytt vitnemål før det første vitnemålet er levert inn.

Vitnemål sendes ut automatisk til studenter som fullfører utdanningen innen normert tid, mens andre må søke om dette selv. Vitnemålet utstedes kun én gang, men det er mulig å få utstedt duplikat mot betaling.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 14-2 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →