Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 8-4. Obligatoriske læringsaktivitetar

Obligatoriske læringsaktivitetar

(1) Obligatoriske læringsaktivitetar er alle krav som er sett som vilkår for å ha rett til å ta eksamen eller få framstille seg til sluttvurdering i praksisstudium. For praksisstudium gjeld eigne vilkår, sjå kapittel 10. Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert til godkjent / ikkje godkjent og resultatet er ikkje del av karaktergrunnlaget i emnet. (2) Obligatoriske læringsaktivitetar blir fastsett i emneplanen. (3) I emne med obligatorisk deltaking i undervisninga er kravet til frammøte 80 prosent om ikkje emneplanen seier noko anna. (4) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjende obligatoriske læringsaktivitetar gyldig utan tidsavgrensing. (5) Emneansvarleg fastset frist for når obligatoriske læringsaktivitetar skal vere fullført. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk på ikkje godkjente obligatoriske læringsaktivitetar, før godkjende og ikkje godkjende obligatoriske læringsaktivitetar skal registrerast for semesteret. Studenten har rett på grunngjeving av ikkje godkjente obligatoriske læringsaktivitetar. (6) Emneansvarleg er ansvarleg for å registrere godkjende og ikkje godkjende obligatoriske læringsaktivitetar seinast to veker før eksamen tek til. I emne som avsluttar undervisninga tett opp til eksamen skal obligatoriske læringsaktivitetar vere registrerte éin dag etter siste undervisningsdag. Alle obligatoriske læringsaktivitetar skal vere godkjende før eksamensdagen, før datoen for siste innlevering av skriftleg arbeid eller før sluttvurdering.

Obligatoriske læringsaktiviteter er krav som må være oppfylt for at man skal ha rett til å ta eksamen. Disse aktivitetene gir ikke karakter, men vurderes som godkjent eller ikke godkjent. Krav til oppmøte og frister følger emneplanen eller beslutninger fra emneansvarlig.AI

Les hele forskriften i sammenheng →