Forskrift
Nynorsk
§ 8-5. Obligatorisk deltaking i undervisning
Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 8. Undervisning·Sist endret 10. august 2026
Obligatorisk deltaking i undervisning
(1) I obligatoriske læringsaktivitetar som tek form som obligatorisk deltaking er kravet til frammøte 80 prosent om ikkje emneplanen seier noko anna. § 8-4 1., 2., 3. og 5. ledd gjeld tilsvarande.
(2) Ved dokumentert fråvær har høgskulen plikt til å vurdere om det er mogleg å tilby kompenserande tiltak. Det valte tiltaket må ikkje redusere dei faglege krava til utdanninga, eller vere ein uforholdsmessig byrde for høgskulen.
(3) Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Døme på gyldig fråvær er:
a) eigen sjukdom eller eigne barn sin sjukdom
b) dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til
c) gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt
d) pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
e) studentar med verv i Studenttinget på Vestlandet skal få gyldig fråvær ved møteplikt
f) forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten deltek i den obligatoriske undervisninga.
(4) Fråvær etter andre og tredje ledd må dokumenterast. Studenten må gi snarleg melding om fråvær til høgskulen. Dokumentasjonen må vere skriven og sendt til høgskulen seinast éi veke etter fråværsgrunnen oppstod.
(5) Krav til dokumentasjon er:
a) Sjukdom kan dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person, eller ved at studenten leverer eigenmelding. Attesten må opplyse om at den er gitt i høve fråvær frå obligatorisk deltaking, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar. Det kan gis utfyllande retningslinjer og tidsfristar på den enkelte utdanninga.
b) Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må studenten oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon studenten hadde til avdøde.
c) Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.
Ved obligatorisk oppmøte kreves normalt 80 prosent deltakelse. Ved dokumentert gyldig fravær skal skolen vurdere kompenserende tiltak, og fraværet må meldes og dokumenteres innen én uke.AI
Noter (1)
- EndringTilføyd ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8-4referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 8-5 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.