Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-2. Vurderingsformer

Vurderingsformer

(1) Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsformer emnet har. Dersom det er fleire vurderingsdelar innanfor eit emne, er dette deleksamenar. Når eit emne har deleksamenar, skal emneplanen synleggjere dei ulike deleksamenane, og korleis deleksamenane blir vekta i den endelege karakteren. (2) Individuell prøving skal utgjere minst 50 prosent av vurderingane i det einskilde studieprogrammet. Masteroppgåva blir halden utanfor denne utrekninga. (3) Det skal gå fram av emneplanen kva som er lovleg hjelpemiddel til eksamen. (4) Studieprogrammet skal ha vurderingsformer som er eigna for å vurdere om læringsutbyttet i emnet er oppnådd, og som er tilpassa studieprogrammet sitt innhald og læringsaktivitetar. Det blir nytta følgjande vurderingsformer ved Høgskulen på Vestlandet: Skuleeksamen Eksamen arrangert i eksamenslokale under tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Eksamen kan bli gjennomført på datamaskin eller på papir og kan vere eit skriftleg eller digitalt arbeid. Tal timar skal gå fram av emneplanen. Etterprøvbar Heimeeksamen Eksamen arrangert utan tilsyn, med fastsett tid for utlevering av oppgåve og innleveringsfrist. Varigheita på eksamen skal gå fram av emneplanen. Ein eksamensdag svarar til ein kalenderdag, uavhengig av timetalet studenten arbeider den aktuelle dagen. Perioden for heimeeksamen kan inkludere andre dagar enn kvardagar, jf. § 1-2 (14). Heimeeksamen kan vere eit skriftleg arbeid, lyd- og videoopptak, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller anna arbeid som er etterprøvbart. Det er ikkje høve til å levere forbetra versjon av heimeeksamen og det skal lagast ny oppgåvetekst til ny heimeeksamen. Det skal ikkje være undervisning eller andre eksamenar medan heimeeksamen går føre seg. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå dette. Etterprøvbar Oppgåve Ei skriftleg innlevering. Døme på oppgåve kan vere prosjektoppgåve, rapport, essay, artikkel, semesteroppgåve, bacheloroppgåve eller masteroppgåve. Som vedlegg til oppgåva kan studenten levere lyd- og videoopptak, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller anna arbeid som er etterprøvbart. Studentane sitt sjølvstendige arbeid i høgare grad, samt bacheloroppgåve og liknande sjølvstendig arbeid på lågare grad blir sensurerte av minst to sensorar når arbeidet er eksamen. Etterprøvbar Mappevurdering Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar eller andre produkt som blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vere fullført til fastsett frist. Berre skriftlege arbeid, lyd- og videoopptak, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller anna arbeid som er etterprøvbart, kan inngå i ei mappe. Mappa skal dokumentere ei kontinuerleg fagleg utvikling over tid hjå studenten. Prosess, refleksjon kring utval av arbeid og progresjon i arbeidet kan vere ein del av vurderinga. Mappevurdering kan byggjast opp som ei samla mappevurdering eller delast i ei læringsmappe med påfølgjande vurderingsmappe: a. Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller anna arbeid som er produsert gjennom ein viss periode. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine faglege refleksjonar og utviklinga i kompetanse. Arbeid som blir levert i læringsmappa kan vere obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. b. Vurderingsmappe er eit utval av element frå læringsmappa som dannar grunnlag for fastsetjing av karakter. Det skal gå fram i emneplanen kva for og kor mange element frå læringsmappa som inngår, og korleis utvalet blir gjort. Vurderingsmappa får ein samla karakter. c. Skriftleg prøve kan ikkje vere del av mappe, men skal vere ein eigen deleksamen. d. Dersom studenten klagar på karakteren må heile vurderingsmappa sendast til ny sensur. Ordning for ny eksamen skal gå fram av emneplanen. Etterprøvbar Munnleg eksamen Eksamen der studenten eller studentane blir eksaminerte munnleg. Varigheita på eksamen skal gå fram av emneplanen. Munnleg eksamen kan vere fysisk eller digital. Studenten/-ane blir eksaminerte av minst to sensorar. Ikkje etterprøvbar Praktisk eksamen Vurderingsform der studentar skal løyse praktiske oppgåver og bli prøvd i ferdigheiter i emnet. Det kan vere utøvande aktivitetar, som til dømes framvising av eit undervisningsopplegg, ei utstilling, ein konsert, eller behandling av pasientar. Eksamen kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon. Varigheita på eksamen skal gå fram av emneplanen. Studenten/-ane blir eksaminerte av minst to sensorar. Ikkje etterprøvbar Praksis Ein rettleidd og vurdert del av utdanninga som går føre seg i eit relevant yrkesfelt. Praksis følgjer reglane i kapittel 10 og eventuell nasjonal forskrift om rammeplan for utdanningsprogrammet. Studenten/-ane blir vurderte av minst to sensorar når praksis er eksamen. Ikkje etterprøvbar

Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 1-2 første leddreferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 9-2 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →