Forskrift
Nynorsk
§ 1-2. Definisjonar
Definisjonar
(1) Grunnutdanning og integrert mastergradsutdanning er studieprogram der opptak krev fullført utdanning frå vidaregåande opplæring eller godkjent realkompetanse. Det kan gjerast unntak i særlege tilfelle.
(2) Mastergradsutdanning er studieprogram som byggjer på utdanning på bachelorgradsnivå og som fører fram til ein mastergrad.
(3) Yrkesdykkarutdanning er ei fagskuleutdanning med normert studietid på eitt år og følgjer lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven).
(4) Vidareutdanning er studiepoengjevande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå som til vanleg byggjer på ei fullført grunnutdanning. Dette kan vere både spesielt tilrettelagte enkeltemne eller studieprogram på lågare eller høgare grads nivå.
(5) Etterutdanning eller kurs er ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå, som ikkje gir studiepoeng.
(6) Oppdragsfinansierte studium og emne blir gjennomført mot vederlag betalt av ein eller fleire oppdragsgjevarar.
(7) Betalingsstudium er studium der høgskulen krev eigenbetaling eller studieavgift frå studentar, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-6.
(8) Studieprogram er ei samling emne på 30 studiepoeng eller meir med eit samla læringsutbytte som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak og studierett til, og som fører fram til ei fullført utdanning, grad eller yrkesutdanning, jf. kapittel 2.
(9) Studieretning er ei fagleg spesialisering i eit studieprogram, slik ho er definert i studieplanen.
(10) Emne er den minste eininga som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbytte som er fastsett i ein emneplan. Emne skal ikkje ha mindre omfang enn fem studiepoeng. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå dette.
(11) Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar. Studieplanen er bindande. Studieplan blir ved Høgskulen på Vestlandet òg nytta som namn på fagplan og programplan etter departementet sin definisjon i nasjonale retningslinjer og rammeplanar, jf. § 3-1 (2). Normal studieprogresjon skal vere 60 studiepoeng per år for eit heiltidsstudium, jf. § 8-7.
(12) Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom student og institusjon. Utdanningsplanen skildrar høgskulen sine plikter og ansvar ovanfor studenten, og studenten sine plikter og ansvar ovanfor høgskulen og medstudentar. Utdanningsplanen synleggjer den planlagde faglege progresjonen og gjennomføring av studiet for den enkelte student. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen, jf. § 4-7 (1).
(13) Rammeplanar er nasjonale forskrifter som fastset mål, innhald og organisering av visse utdanningar, og emne som inngår i ei utdanning.
(14) Ein kvardag er alle dagar som ikkje er laurdag, høgtidsdag etter lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager eller helgedag etter lov om helligdager og helligdagsfred.
Se ogsåUniversitets- og høyskoleforskriften § 4-6Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 3-1Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8-7Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 4-7referert av 3 →
Sammenheng
Se også4
Referert av3
Koblinger for § 1-2 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.